Historisk arkiv

- Spanande samarbeid mellom kultur og næring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Arbeidet med å gjera riksveg 13 til stamveg, diktarveg og turistveg er eit glimrande uttrykk for det regjeringa ønskjer med sin distrikts- og regionalpolitikk, nemlig at lokale og regionale aktørar mobilserar felles krefter for å utnytta lokale fortrinn. Det sa kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa da ho innleda på konferansen "Diktarvegen" i Ulvik onsdag.

Tema for konferansen var mellom anna å sjå korleis kommunar og fylkeskommunar langs riksvegen frå Jæren i sør til Sunnfjord i nord kan etablera den første litteraturruta i Noreg. Langs vegen skal reisande ha kulturopplevingar knytta til dei fem forfattarane Jakob Sande frå Sunnfjord, Per Sivle frå Aurland, Olav H. Hauge frå Ulvik, Rasmus Løland frå Ryflke og Arne Garborg frå Jæren.
- Eg bur sjølv i den eine enden av vegen, og tykkjer dette er eit godt døme på eit spanande samarbeid mellom kulturliv og næringsliv, sa statsråden.

Ho minna i si innleing om at det ikkje går ein jamn flyttestraum frå mindre stader til større stader. - Mange har eit bilete av at det er slik. Men det stemmer ikkje med realitetane. det går flyttestraumar både inn og ut av bu- og arbeidsmarknadsregionar av alle storleikar. Det er summen av denne utviklinga som påverkar folketalet, sa Kleppa.

Førstkomande fredag legg kommunal- og regionalministeren fram stortingsmeldinga om distrikts- og regionalpolitikken. - Regjeringa har som mål at alle skal ha reel fridom til å busetja seg der dei ønskjer. Vi vil at alle ressursane i landet vert teken i bruk, både dei som ligg i mennska, i kulturen og i naturen. Vi skal framleis ha eit hjarte for heile landet, sa Kleppa med henvisning til den meldinga som den raudgrøne regjeringa la fram i 2006.

Magnhild Meltveit Kleppa
Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa vitja onsdag Ulvik i Hardanger og konferansen om diktarvegen riksveg 13.

Diktarvegen

Til toppen