200 millionar til minerydding i Ukraina

Utbreidd bruk av miner og klasevåpen har ført til at Ukraina i dag er verdas mest minebelagde land. Noreg meir enn doblar no innsatsen i kampen mot miner i Ukraina etter utbrotet av Russlands brutale angrepskrig.

– Minerydding reddar liv og vernar sivile, særleg barn. Minerydding er òg ein føresetnad for å levere andre former for nødhjelp og byggje opp igjen infrastruktur. Å hindre tap av menneskeliv styrkjer òg Ukrainas evne til å stå imot den russiske aggresjonen, seier utanriksminister Anniken Huitfeldt. Regjeringa vil derfor bidra med 200 millionar kroner til øyremerkt til å fjerne miner og andre eksplosiv i Ukraina

Å rydde miner og eksplosiv er eit viktig satsingsområde både for ukrainarane sjølv og i Noregs innsats i Ukraina. Humanitær minerydding er ein av Ukrainas fem viktigaste prioriteringar i landet sin eigen gjenoppbyggingsplan. Ukrainske styresmakter prioriterer tilbakeføring av jordbruksland og klarering av kritisk infrastruktur.

Rundt 30 prosent av landarealet i Ukraina er no belagt av miner og udetonerte eksplosiv. Det er heilt avgjerande å få rydda landareal slik at ukrainske bønder får dyrka jorda si. Før Russland sin invasjon var Ukraina rekna som brødkorga i verda. Som følgje av nedgang i kornproduksjon i Ukraina og Russlands angrep på ukrainsk korneksport og hamnar, risikerer fleire hundre millionar menneske i sårbare område utanfor Ukraina å svelte.

– Russlands krigføring på ukrainsk territorium rammar derfor ikkje berre Ukraina, men truar sikker tilgang på mat i heile verda, seier utanriksminister Huitfeldt.

Noreg har allereie bidrege med 164 millionar kroner til minerydding etter at Russlands fullskala krig mot Ukraina starta i februar 2022. Regjeringa aukar no den humanitære mineryddingsinnsatsen i Ukraina betrakteleg. Midlane vil kanaliserast gjennom etablerte mineryddingsoperatørar som Norsk Folkehjelp, Halo Trust og dessutan FN-systemet. Støtta er ein del av Nansen-programmet.

Noreg har støtta minerydding i Ukraina sidan 2015 og har lang erfaring med mineryddingsarbeid i området.

Noreg har til no bidrege med over 4,5 milliardar kroner i humanitær støtte til Ukraina og flyktningrespons i naboland. .

Statssekretær Eivind Vad Petersson vil delta på ein internasjonal humanitær mineryddings-konferanse for Ukraina i Zagreb 11. oktober. Konferansen samlar dei største givarane til minesektoren i Ukraina. Det nye norske bidraget på 200 millionar kroner vil bli kunngjort på konferansen.