7,6 milliardar til næringsretta forskning

Regjeringa vil at næringslivet skal forske meir, og legg 7,6 milliardar kroner på bordet til næringsretta forsking og innovasjon.

– Innovasjon og utvikling er avgjerande for den omstillinga Noreg er inne i no. Derfor ønskjer vi å satse på næringsretta forsking og innovasjon, og leggje til rette for ordningar som får bedriftene til å forske meir, seier næringsminister Monica Mæland.

For å bidra til innovasjon i næringslivet  har regjeringa styrkt Skattefunn, som gir skattefrådrag til bedrifter som satsar på forsking og utvikling. De siste fire åra har talet på søknader til Skattefunn dobla seg.

– Det fortel oss at det utviklast og innoverast i bedriftene. Noreg er enda betre rusta for ei langsiktig omstilling, økonomisk vekst og auka sysselsetjing, seier næringsminister Monica Mæland.

 I 2017 vil regjeringa bruke til saman 7,6 milliardar kroner på næringsretta forsking og innovasjon. Det er ein auke på om lag 2,8 milliardar kroner, eller nærare 60 prosent, sidan regjeringa tiltredde i 2013. Pengane går til ordningar under Innovasjon Norge og Noregs Forskingsråd, samt Skattefunnordninga.

Vil ha fleire nye næringar

Regjeringa er opptatt av å leggje til rette for ny næringsverksemd. I statsbudsjettet for 2017 legg regjeringa blant anna fram forslag om å gi:

 

  • 100 millionar kroner til landsdekkjande innovasjonslån. Pengane skal gå til tapsfondet, og inneber at Innovasjon Norge kan låne ut om lag 300 millionar meir i innovasjonslån neste år. Landsdekkjande innovasjonslån fremmer omstilling gjennom å utløyse innovative investeringar, og ordninga utløyser mykje privat kapital.
  • 50 millionar kroner til investeringar i utstyr til testsenter for næringslivet, såkalla Katapult-senter. Her kan bedriftene teste ut nye idear og løysingar.
  • 50 millionar kroner til satsing på bioøkonomi gjennom Noregs forskingsråd. Bioøkonomien har eit stort potensial for vekst, og regjeringa jobbar med ein eigen bioøkonomistrategi.
  • 25 millionar kroner til forskingsmidlar for å fremme auka kunnskapsoverføring mellom dei havbaserte næringane.
  • 10 millionar kroner til å styrkje satsinga på næringsklynger. Med sin spisskompetanse er klyngene gode utgangspunkt for auka omstillingskompetanse i næringslivet.

 I tillegg ønskjer regjeringa å styrkje frådragsrammene for Skattefunn. Dette gjerast ved at grensa for forsking og utvikling som bedrifter gjennomfører sjølv aukast frå 20 til 25 millionar kroner, og grensa for innkjøpt forsking og utvikling aukast frå 40 til 50 millionar kroner.

 

Følgjer opp sysselsettingstiltak

 Sysselsetjingspakka regjeringa la fram i 2016 vert i hovudsak vidareført i statsbudsjettet for 2017, men med enkelte justeringar.

 – Regjeringa held fram med satsinga på breie landsdekkjande ordningar for innovasjon og omstilling som vi veit fungerer, og som treff godt i ei tid med store omstillingsbehov. Vi vil halde fram med tiltak for å skape aktivitet i dei regionane og bransjane som er hardast ramma av oljeprisfallet, seier Mæland.

Justeringane inneber blant anna at tilgangen på kapital i tidleg fase blir styrkt for å gjennomføre fleire utviklingsprosjekt i næringslivet. Dette skjer gjennom ein auke av låneramma for innovasjonslån i Innovasjon Noreg, og endra mandat for det statlege investeringsselskapet Investinor.