Statsbudsjettet 2015:

Auka ressursar til betre tilsyn og kontroll

Regjeringa vil styrke Fiskeridirektoratet med ti millionar kroner.

- Regjeringa vil byggje opp eit nytt og meir effektivt system med tilsyn og kontroll i fiskeri- og havbruksnæringa. Fiskeridirektoratet skal bruke pengane til å forbetre verktøya for IKT og saksbehandling. Det skal sikre raskare saksarbeid i Fiskeridirektoratet og betre samarbeidet med andre etatar, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

Løyvinga skal bidra til eit meir effektivt og dekkande kontrollsystem i fiskeri- og havbruksnæringa.

- Systemet vil òg forenkle utvekslinga av informasjon mellom næringa og styresmaktene, seier fiskeriminister Aspaker.

 

Les heile forslaget til budsjettet for Nærings- og fiskeridepartementet her