Auke i samla kjøtproduksjon

Den samla kjøtproduksjonen gjekk opp med 15 200 tonn, til 339 300 tonn, frå 2012 til 2013. Det var auke for alle kjøtslaga med unnatak av svinekjøt, viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Den samla kjøtproduksjonen gjekk opp med 15 200 tonn, til 339 300 tonn, frå 2012 til 2013. Det var auke for alle kjøtslaga med unnatak av svinekjøt, viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Av det kontrollerte slaktet i 2013 utgjorde svinekjøt 128 000 tonn, fjørfekjøt 104 000 tonn, storfekjøt 84 000 tonn og sauekjøt 23 000 tonn.

Kraftig vekst i fjørfeproduksjonen
Det var produksjon av fjørfekjøt som auka mest frå 2012 til 2013, med ein oppgang på 13 000 tonn, eller 14 prosent. Slakt av storfe gjekk opp 6 000 tonn, tilsvarande ein auke på 7 prosent. For sauekjøt var det ein produksjonsvekst på 600 tonn, eller 3 prosent. Slakt av svin gjekk ned med 4 000 tonn, eller 3 prosent, i same perioden.

Rogaland på topp
Det blir framleis produsert mest kjøt i Rogaland, med 23 prosent av den totale kjøtproduksjonen, medan Nord-Trøndelag og Hedmark stod for respektive 14 og 13 prosent av totalproduksjonen.

Partering av slakt
Den samla kjøtproduksjonen gjekk opp med 15 200 tonn, til 339 300 tonn, frå 2012 til 2013. (Foto: Torbjørn Tandberg)