E6 Indre Nordnes – Skardalen i Troms: E6 blir innkorta med 9-10 kilometer

Anleggsarbeidet for prosjektet E6 Indre Nordnes – Skardalen skal starte hausten 2014, og vil vere ferdig i 2017. Kostnadene for denne utbygginga, i Kåfjord kommune i Troms, er no rekna til om lag 1,2 milliardar 2014-kroner.

Dette går fram av ei orientering som er teken inn i eit forslag som gjeld ein del saker på området til Samferdselsdepartementet. Forslaget blei lagt fram i statsråd i dag.

I orienteringa gjer Samferdselsdepartementet greie for mellom anna arbeidet med å kvalitetssikre og fastleggje kostnadsramme for utbygginga.

Prosjektet omfattar bygging av ein om lag åtte kilometer lang tunnel gjennom Nordnesfjellet, frå vestsida av fjellet til Manndalen på austsida. Prosjektet omfattar også ei bru over Manndalselva og nødvendige tilknytingar til dagens E6.

Utbygginga vil føre til ei innkorting av E6 med 9-10 kilometer og om lag 10 minutt kortare køyretid.

Prop. 97 S (2013-2014) Ein del saker om luftfart, veg og jernbane