Færre bompengeselskap og meir effektiv innkrevjing

- Regjeringa arbeider for å redusere bompengebelastinga for folk og næringsliv. Vi vil innføre ei ordning der ein kan redusere rentekostnadene for vegprosjekt og kompensere renteutgiftene over statsbudsjettet. Det gir grunnlag for lågare takstar i bomprosjekt over heile landet. Som ledd i arbeidet vil bompengesektoren bli omorganisert, slik at dagens mange bompengeselskap blir til to – tre selskap som får ansvaret for innkrevjinga.

- Regjeringa arbeider for å redusere bompengebelastinga for folk og næringsliv. Vi vil innføre ei ordning der ein kan redusere rentekostnadene for vegprosjekt og kompensere renteutgiftene over statsbudsjettet. Det gir grunnlag for lågare takstar i bomprosjekt over heile landet. Som ledd i arbeidet vil bompengesektoren bli omorganisert, slik at  dagens mange bompengeselskap blir til to – tre selskap som får ansvaret for innkrevjinga. 

Dette seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i samband med ei orientering der Samferdselsdepartementet gjer greie for arbeidet med å omorganisere bompengesektoren. Orienteringa er teken inn i eit forslag som gjeld ein del saker på området til departementet. Forslaget blei lagt fram i statsråd i dag.

Ordning med rentekompensasjon for bompengelån

Bompengeselskapa har opparbeidd seg ei gjeld på om lag 35 milliardar kroner. Det betyr at forholdsvis mykje av bompengeinntektene går til å dekkje rente- og administrasjonsutgifter. Dette vil regjeringa endre.

- Regjeringa vil bruke litt av statens tyngde til å redusere lånekostnadene for bompengeselskapa, og i tillegg kompensere renteutgiftene over statsbudsjettet. Vi vil difor innføre ei ”rentekompensasjonsordning” for bompengelån. Ordninga vil gjelde for alle bompengeprosjekt som blir ein del av dei nye bompengeselskapa. Målet er at meir av bompengane skal gå til sjølve prosjekta, medan mindre skal nyttast til å betale for finansiering av lån. Dette gjer det mogleg med lågare bompengetakstar eller kortare innkrevjingstid, seier samferdselsministeren.

Det skal arbeidast vidare med sjølve utforminga av ordninga. Arbeidet må sjåast i samanheng med anna omorganisering innanfor bompengesektoren og etableringa av dei nye bompengeselskapa.

Innføring av kompensasjonsordninga skal ikkje gå på kostnad  av prosjekt som er vedtekne i Nasjonal transportplan. Fram til ny ordning er på plass skal det for nye bompengeprosjekt som vil inngå i dei nye bompengeselskapa, bereknast  takstar baserte på 10 års statsobligasjonsrente, går det fram av orienteringa.

Færre bompengeselskap

Regjeringa tek sikte på at dei nye bompengeselskapa skal vere etablert i løpet av 2015. Målet er at dei skal erstatte dei 50-60 bompengeselskapa som eksisterer i dag.

Dei nye selskapa skal sørgje for lågare kostnader og betre lånevilkår for bompengeprosjekt.

- Med dette kan vi få lågare låne- , drifts- og administrasjonskostnader. For trafikantane betyr dette lågare bompengesatsar eller kortare periode med innkrevjing av bompengar, seier samferdselsministeren.

Prop. 97 S (2013-2014) Ein del saker om luftfart, veg og jernbane