Historisk arkiv

Fiskeriministeren møtte Japans gjenoppbyggingsminister

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Den japanske gjenoppbyggingsministeren Takumi Nemeto, møtte fiskeriminister Elisabeth Aspaker 9. mai for politiske samtalar.

Den japanske gjenoppbyggingsministeren Takumi Nemeto, møtte fiskeriminister Elisabeth Aspaker 9. mai for politiske samtalar.

Japan har i mange tiår vore ein viktig marknad for norsk sjømat. Etableringa av Prosjekt Japan i 1985 var starten på eit ”sushieventyr” for norsk laks. Japanske sushivanar har seinare skapt ein populær mattrend i Europa.

Foto: NFD

I samband med gjenoppbygginga etter tsunamikatastrofen i 2011 ønskjer japanarane å lytte til norske erfaringar med fiskeriforvaltning, strukturen i fiskeflåten og måten norsk fiskerinæring er bygd opp på. Den japanske delegasjonen var i Ålesund 8. mai der dei såg nærare på samarbeid innan den marine sektoren. Dei besøkte mellom anna oppdrettselskapet Marine Harvest og Havfisk sitt nye fiskefartøy ”Gadus Neptun”.

- Norsk kompetanse til å forvalte dei marine ressursane og produsere sunn sjømat er av våre viktigaste bidrag til internasjonal matproduksjon. For sjømatnasjonen Noreg er det viktig å kunne utveksle erfaringar med Japan, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

- Det var viktig for meg å bruke dette høvet til å understreke verdien av betre marknadstilgang for norsk sjømat i den japanske marknaden, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.