Statsbudsjettet

Korfeltet blir auka med nær 10 millionar kroner

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Regjeringa vidarefører si breie satsing på korfeltet i budsjettet for 2015. Satsinga inneber ei styrking av kor og song over heile landet.

Regjeringa vidarefører si breie satsing på korfeltet i budsjettet for 2015. Satsinga inneber ei styrking av kor og song over heile landet.

Det profesjonelle korfeltet blir styrkt mellom anna gjennom ein auke på 2,2 millionar kroner til Det Norske Solistkor og 1,1 millionar kroner til Edvard Grieg Kor. Støtteordninga, Aktivitetsmidler til kor, blir styrkt med 3 millionar kroner. 1 million av desse går til kor på eit særleg høgt nivå.

Regjeringa legg også opp til ei styrking av Krafttak for sang på 3,5 millionar kroner, for å byggje opp under innsatsen for songkultur og songglede landet rundt.