Norsk litteratur tek sats på bokmessa i Warszawa
Nyheit | Dato: 02.06.2022 | Utanriksdepartementet
Litteraturen har aldri vore meir aktuell som formidlar av grunnleggjande verdiar enn på bokmessa i Warszawa i år, der Noreg var gjesteland. Med krigen i Ukraina som bakteppe var messa ei viktig påminning om aldri å ta fridom og demokrati for gitt.
Fridom, demokrati, mangfald og likestilling stod i fokus då Noreg var gjesteland under messa 26.-29. mai. Temaa vart forsterka av norske, polske og ukrainske stemmer som vitna om rolla litteraturen speler for forsvaret av dei felleseuropeiske verdiane våre. Scena vart delt med ukrainske forfattarar, forlag og gjester.
Polen er ein viktig marknad for norsk litteratur, og bokmessa i Warszawa er den viktigaste litterære møteplassen i landet. Det er stor interesse for alt frå krim og nordic noir til barnelitteratur og teikneseriar frå Noreg. Gjestelandsprosjektet gav derfor eit talrikt polsk publikum moglegheit til å utdjupe kjennskapen til norske samtidsforfattarar og bøkene deira, som óg kan vere eit verktøy til enda betre forståing av norsk kultur, norske verdiar og vår tilnærming til livet.
Regjeringa satsar på å gi norsk kulturliv eit internasjonalt løft. Saman med kulturdepartementet arbeider utanriksdepartementet og utanriksstasjonane for at norsk kunst og kultur skal vere synleg internasjonalt, og for å auke kultureksporten. Gjestelandsprosjektet vart planlagd og gjennomførd av NORLA (Senter for norsk litteratur i utlandet) i tett samarbeid med Noreg sin ambassade i Warszawa.
Programmet over fire dagar med 30 norske forfattarar og 50 arrangement resulterte i ny publikumsrekord: meir enn 90.000 var innom bokmessa i Kultur- og vitskapspalasset i Warszawa. Dei polske omsettarane Iwona Zimnicka, Maria Gołębiewska-Bijak og Maria Sibińska fekk kongeleg påskjønning under messa – ei påminning om kor viktige omsettarar er for litteraturen og norsk kultur i Polen.