Historisk arkiv

Nytt skvadronsbygg på Ørland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Forsvarsdepartementet

Regjeringa føreslår å byggje nytt skvadronsbygg for F-35 på Ørland innanfor ei kostnadsramme på 619 millionar kroner.

Regjeringa føreslår å byggje nytt skvadronsbygg for F-35 på Ørland innanfor ei kostnadsramme på 619 millionar kroner.

Stortinget har vedteke at hovudbasen for Forsvaret sine nye kampfly skal lokaliserast og etablerast ved Ørland hovudflystasjon. Som oppfylging av Stortinget sitt vedtak fekk Forsvarsbygg i oppdrag å etablere den nye hovudbasen for F-35 på Ørland.

Forsvarsbygg har etablert samarbeid med Ørland kommune, Bjugn kommune, Sør-Trøndelag fylkeskommune, Fylkesmannen i Sør-Trøndelag, landbruksnæringa og grunneigargrupperingar for å etablere gode løysingar både for Forsvaret og lokalsamfunnet.

Skvadronsbygget er det første byggjeprosjektet i etableringa av den nye hovudbasen for F-35 på Ørland. Bygget må stå ferdig allereie våren 2016 for mottak av dei første fire simulatorane for F-35 som vert leverte gjennom kampflyanskaffinga.

Skvadronsbygget vil innehalde ein administrasjonsdel med kontor, møterom og garderobar for to F-35-skvadronar, simulatorskvadronen og vedlikehaldsskvadronen. I tillegg skal skvadronsbygget gi plass for ei simulatoreining med åtte F-35-simulatorar og fasilitetar for planlegging av operasjonar, trening og øving for F-35-skvadronane med tilhøyrande brief-/debriefrom og tekniske rom.

Å lokalisere dei operative kapasitetane saman med simulatorfasilitetane og vedlikehaldsfasilitetane vil sikre maksimal utnytting av tilgjengelege ressursar. Forsvarsdepartementet planlegg difor at vedlikehaldshangarane for F-35 vert bygde i nærleiken av det nye skvadronsbygget. Kort avstand mellom dei operative avdelingane og trenings- og vedlikehaldskapasiteten vil gje ein effektiv flytimeproduksjon og sikre god operativ kapasitet for kampflyvåpenet.

Prosjektet for etablering av eit nytt skvadronsbygg for F-35 på Ørland er føreslege gjennomført innanfor ei kostnadsramme på 619 millionar kroner.

Bygget må stå ferdig allereie våren 2016 for mottak av dei første fire simulatorane for F-35 som vert leverte gjennom kampflyanskaffinga. Høsten 2017 kjem dei første F-35 til Ørland(foto: Lockheed Martin).