Ønskjer reduserte kostnader i ferjedrifta

- Drifta av riksveg- og fylkesvegferjene er inne i ei utvikling med sterk trafikkauke og vekst i kostnadene, samtidig som det blir meldt om behov for å auke løyvingane til offentleg kjøp av ferjetenester. Uviklinga gjer det nødvendig å få fram nærmare opplysningar og vurderingar for å gjennomføre tiltak for meir effektiv drift og meir effektiv bruk av offentlege midlar til kjøp av ferjetenester.

Dette seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i samband med at Samferdselsdepartementet har bede om at Vegdirektoratet innan utgangen av november i år skal komme tilbake med ei nærmare vurdering av kva for forhold som særleg fører til kostnadsvekst i ferjedrifta.

Vegdirektoratet skal også vurdere om sjølve utforminga av anbodsordninga bidrar til kostnadsvekst og om det er mogleg og få til endringar i utforminga, med sikte på reduserte kostnader. 

Direktoratet skal elles vurdere desse spørsmåla:

  • Bør ei anna organisering vurderast for offentleg kjøp av transporttenester i ferjesamband på riks- og fylkesvegnettet?
  • Er det mogleg å styrkje Statens vegvesen si rolle som kjøpar av transporttenester i ferjemarknaden?
  • Korleis har konkurransesituasjonen utvikla seg? Er det mogleg å ta grep for å betre konkurransesituasjonen?