Historisk arkiv

Nytt besøkstun på Bygdø Kongsgård

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Det nye besøkstunet på Bygdø Kongsgård er offisielt opna av statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal i Landbruks- og matdepartementet.

Det nye besøkstunet på Bygdø Kongsgård er offisielt opna av statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal i Landbruks- og matdepartementet. 

– Det er fantastisk at moderne landbruksproduksjon av topp kvalitet kan skje på historisk grunn, og det berre eit steinkast unna Oslo sentrum, seier statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal. – Det nye besøkstunet  vil styrke evna Bygdø Kongsgård har til å formidle kunnskap om norsk landbruk og landbruksproduksjon, seier Blåfjelldal.   

Ønskjer å auke rekrutteringa
Regjeringa har som mål å auke rekrutteringa til norsk landbruk. Det er viktig å gje barn og unge kunnskap om norsk landbruk og kva dette inneber. Bygdø Kongsgård er eit eksempel på korleis det bynære landbruket kan nyttast til både matproduksjon og til å formidle kunnskap om landbruk.

Den type kunnskapsformidling Bygdø Kongsgård bidreg med er viktig for å skape interesse for desse tema hos born og unge. Fyrsteklassingane på Bygdø barneskole som var inviterte til opinga, viste tydeleg at det er spanande å få sjå levande dyr på garden. Og kanskje blir det bønder av nokre av dei.

Statssekretæren nytta høve til å snakke med borna frå Bygdø barneskule under opninga av det nye besøksfjøset på Bygdø Kongsgård.
Statssekretæren nytta høve til å snakke med borna frå Bygdø barneskule under opninga av det nye besøksfjøset på Bygdø Kongsgård. (Alle foto: LMD)

Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal på det nye besøksfjøset på Bygdøy Kongsgård sammen med barn fra Bygdøy barneskole.

 
Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal på det nye besøksfjøset på Bygdøy Kongsgård sammen med barn fra Bygdøy barneskole.