Politiattest ved tilsetjing i mottak

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Justis- og beredskapsdepartementet

Regjeringa vedtok i dag å fremje forslag om endring i krava til politiattest for tilsette og andre som har oppgåver knytt til mindreårige i mottak. Endringa inneber at det blir obligatorisk for alle som skal arbeide med eller ha oppgåver knytt til mindreårige i mottak å leggje fram politiattest.

- Mindreårige som bur i mottak er i ei sårbar situasjon. Regjeringa tykkjer det er viktig å ha eit regelverk som skapar tillit til at dei blir tatt hand om av skikka personar og gjev ei tryggast mogleg ramme kring opphaldet deira i mottak, seier justis- og beredskapsminister Anders Anundsen.

Endringa inneber at utlendingslova vert tilpassa politiregisterlova for å sikre ein einskapleg vandelskontroll for dei aktuelle personane, og å styrke vernet for mindreårige. Utvidinga av personkrinsen gjev ein ryddig og lett praktiserbar regel som kan motverke sprikande praksis frå mottak til mottak.

Vidare vil attesten innehalde fleire straffebod enn tidlegare, til dømes lovbrot om narkotika, barnelokking, mishandling, vald, drap og menneskehandel. Lovbrota vil ikkje lenger vere avgrensa mot lovbrot retta mot mindreårige. Merknader om vedtatt førelegg eller dom for seksuelle overgrep mot mindreårige medfører eit yrkesforbod mot arbeid eller oppgåver i mottak, medan konsekvensane elles må bli vurdert konkret.

Forslaget er fremja i Prop. 103 L (2013–2014) Endringar i utlendingsloven (politiattest ved tilsetjing i mottak).

Les forslaget her