Vis heile kalenderen

02.11.2014

  • Statsminister Erna Solberg besøkjer Svalbard

    Erna Solberg| Statsministerens kontor

    Statsminister Erna Solberg, helse- og omsorgsminister Bent Høie og justis- og beredskapsminister Anders Anundsen besøkjer Svalbard. Tema for besøket er tryggleik og beredskap i forkant av Øvelse Svalbard 2014. Øvinga skal teste helseberedskapen på Svalbard.

    Sundag vil dei mellom anna besøkje Universitetssenteret på Svalbard og satellittstasjonen Svalsat. På universitetet får dei ei orientering om universitetets eige arbeid med beredskap og tryggleik. Dei vil òg få ei orientering frå det internasjonale studentmiljøet som driv studiar på klima og miljø i polarområda.

    Måndag vil statsministeren besøkje Longyearbyen sjukehus og andre relevante stader i samband med øvinga. Dei vil mellom anna dra ut i Isfjorden med Sysselmannens tenestefartøy Polarsyssel.

    Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Rune Alstadsæter, telefon 915 58 419.

03.11.2014