Vis heile kalenderen

01.04.2014

  • Statsminister Erna Solberg og fiskeriminister Elisabeth Aspaker besøkjer Lerøy Vests matfiskanlegg på Rongøy

    Erna Solberg| Statsministerens kontor

    Sted: Sotra

    Statsminister Erna Solberg og fiskeriminister Elisabeth Aspaker besøkjer Lerøy Vests matfiskanlegg på Rongøy i Øygarden kommune i Hordaland. Presse kan vere med i båttransport frå Flesland kai. Frammøte på kaia seinast klokka 14.20.

    På grunn av avgrensa plass i båten ber me presse som ønskjer å vere med om å melde frå til smkinfo@smk.dep.no innan måndag 31. mars klokka 12.00.

    Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Camilla Ryste, telefon 482 13 216.

    Pressekontakt for fiskeriministeren er kommunikasjonssjef Ingrid Dånes, telefon 452 41 874.