Statsbudsjettet 2024:

Sterkt felles sikkerheitsnett

Det samla budsjettframlegget til Arbeids- og inkluderingsdepartementet (AID) er på 653,3 milliardar kroner. Auken er på 71 milliardar kroner og sikrar gode velferdstenester i ei tid som er vanskeleg for mange.

Utgiftene til alderspensjon, arbeidsavklaringspengar, uføretrygd, sjukepengar og dagpengar aukar neste år. Samla er utgiftene til folketrygda rekna til å bli 581,4 milliardar kroner. Det er ein auke på 59,2 milliardar kroner. I tillegg aukar utgiftene til integreringsområdet med 9 milliardar kroner, totalt berekna til om lag 30 milliardar.

– At vi til saman bruker over 610 milliardar kroner på ulike velferdsordningar og integrering gir eit godt bilete på kor omfattande velferdsstaten er. Vi har eit sikkerheitsnett som skal ta vare på alle i landet vårt som treng det, seier arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen.

Alle endringane som er omtala i denne teksten er samanlikna med saldert budsjett 2023.

Busetting av flyktningar

Utgifter til tilskot til kommunar for arbeidet med busetting og integrering av flyktningar aukar med over 9 milliardar kroner. I tillegg foreslår regjeringa å vidareføre den midlertidige ekstraløyvinga til Integrering- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) på 55 millionar kroner. Løyvinga skal gjere at IMDi kan handtere den rekordhøge busettinga på grunn av krigen i Ukraina.

Regjeringa foreslår også 30 millionar kroner for å legge til rette for eit nasjonalt tilbod om digital lærarstyrt norskopplæring.

– Regjeringas mål er at dei fordrivne får eit godt opphald i Noreg, og raskt kan delta i det norske samfunnet og arbeidslivet. Derfor legg vi mellom anna no til rette for ei meir  fleksibel norskopplæring som kan kombinerast med jobb, seier Mjøs Persen. 

Fleire alderspensjonistar

Anslaget på utgiftene til alderspensjon neste år er 316,7 milliardar kroner. Det er ein auke på 27,1 milliardar.

Effekten av trygdeoppgjeret i 2023 og 2024 har auka anslaget med 14,5 milliardar. Frå 1. mai 2023 blei alderspensjon frå folketrygda auka med 8,54 prosent. Dette gir ein årsvekst på 6,91 prosent. I tillegg er det forventa 22 000 fleire alderspensjonistar neste år, slik at det i alt blir 1 051 000.

Høvet til å ta ut alderspensjon før 67 år har gitt fleire alderspensjonistar og derfor auka utgifter til alderspensjon. Likevel gjer dei nøytrale uttaksreglane at veksten i utgifter blir lågare på sikt. Det er fordi tidleg uttak gir lågare årleg pensjon. Utgiftene på lang sikt er derfor i mindre grad påverka av kor mange som tar ut alderspensjon tidleg. Sidan 2018 er det stadig færre som vel å ta ut alderspen­sjon før 67 år.

Medan pensjonsreforma gjorde at utgiftene til alderspensjon var høgare dei ti første åra, har altså pensjonsre­forma sidan 2021 bidratt til å redusere utgiftene til alderspensjon. I 2024 reknar ein med at pensjonsreforma isolert sett vil redusere utgiftene til alderspensjon med om lag 10 milliardar kroner.

Uføretrygd

Anslaget for utgiftene til uføretrygd er 125,6 milliardar kroner i 2024. Dette er ein auke på 7,2 milliardar kroner.

Effekten av trygdeoppgjeret i 2023 og 2024 er den viktigaste årsaka til utgiftsauken, og ein reknar med ein auke på 6,2 milliardar kroner som følgje av dette. Gjennom 2024 er det forventa eit gjennomsnitt på om lag 373 000 mottakarar av uføretrygd.

Regjeringa er uroa over at det er altfor mange unge med helseutfordringar utanfor arbeidslivet. I 2024 kjem det derfor eit avgrensa forsøk med arbeidsorientert uføretrygd for uføre under 30 år. Regjeringa ønsker å teste om ein kombinasjon av tettare arbeidsretta oppfølging og trygdejustert løn, kan føre til at fleire kan å delta i arbeidslivet. Regjeringa foreslår å auke løyvinga med 82,5 millionar kroner i 2024 til dette forsøket i NAV.

Sjukepengar

Anslaget for utgiftene til sjukepengar for arbeidstakarar og sjølvstendige er 56 milliardar kroner i 2024. Det er ein auke på 8,8 milliardar kroner. Utgiftene i 2023 ser ut til å bli mykje høgare enn det som ble lagd til grunn i saldert budsjett 2023. Det verkar inn på anslaget for neste år. Så langt i år har sjukefråværet vore høgt. Det har også lønsveksten.

Sjukefråværet er forventa å gå noko ned neste år samanlikna med 2023, men nivået er likevel framleis høgt, særleg samanlikna med før koronapandemien.

Arbeidsavklaringspengar (AAP)

Anslaget for utgiftene til arbeidsavklaringspengar er 44,1 milliardar kroner i 2024. Dette er ein auke på rundt 8,2 milliardar kroner, som i hovudsak kjem av at det er venta fleire AAP-mottakarar. Årsaka er mellom anna at færre går over til uføretrygd og at færre går over i arbeid eller til andre stønader. For 2024 er det gjennom året forventa i gjennomsnitt 148 300 mottakarar av AAP. Effekten av trygdeoppgjeret i 2023 og 2024 er rekna til å gi ein utgiftsauke på 2,1 milliardar kroner.

Dagpengar

Anslaget på utgiftene til dagpengar aukar frå 9,4 til 12,8 milliardar kroner. Arbeidsløysa kjem truleg til å gå noko opp neste år. Derfor er det venta fleire dagpengemottakarar, i alt 43 000 i gjennomsnitt gjennom året. Det er 6 000 fleire enn det som låg til grunn for 2023.

For 2023 innførte regjeringa ferietillegg på dagpengar. Dei som tok imot dagpengar i meir enn åtte veker i 2022, fekk i 2023 ferietillegg på 9,5 prosent av utbetalte dagpengar året før. Også dei som hadde mottatt sjukepengar på grunnlag av dagpengar fekk feriepengar. Regjeringa foreslår å vidareføre desse ordningane.