Treårsdagen for 22. juli

Det er i dag fleire arrangement som markerer treårsdagen for angrepa på regjeringskvartalet og Utøya 22. juli 2011. Både i Oslo og på Utøya er det minnemarkeringar. I tillegg er det gudsteneste i Oslo domkyrkje.

Heile programmet ligg på nettsidene til Støttegruppa

Statsminister Erna Solberg deltek på programmet i Oslo og på Utøya. Se bilder på Flickr.

Kl. 10.00: Minnemarkering i regjeringskvartalet
Statsminister Erna Solberg deltek på minnemarkeringa i regjeringskvartalet, på Johan Nygaardsvolds plass (området mellom høgblokka og Akersgata). Statsministeren taler og legg ned krans. I tillegg taler AUF-leiar Eskil Pedersen. Arrangementet er ope for publikum. Sjå minnemarkeringa på nett-TV.

Kl. 12.00: Gudsteneste i Oslo domkyrkje
Statsminister Erna Solberg deltek på håpsgudsteneste i Oslo domkyrkje.

Kl. 16.00: Minnemarkering på Utøya

Statsminister Erna Solberg er til stades på minnemarkeringa på Utøya, der ho blant anna legg ned ein krans på vegner av regjeringa.

Statsminister Erna Solberg i bakken på Utøya
Statsminister Erna Solberg i bakken på Utøya under minnemarkeringa 22. juli 2014. (Foto: Statsministerens kontor)