Historisk arkiv

Administrasjonen bør ikkje kunne avvise framlegg frå innbyggjarane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Fleire framlegg frå innbyggjarane bør kome på politikaranes bord. Det seier statsråd Liv Signe Navarsete. Ho vil endre kommunelova for å sikre at saker frå innbyggjarane ikkje blir stoppa av administrasjonen.

- Fleire framlegg frå innbyggjarane bør kome på politikaranes bord. Det seier statsråd Liv Signe Navarsete. Ho vil endre kommunelova for å sikre at saker frå innbyggjarane ikkje blir stoppa av administrasjonen. 

Framlegget skal no på høyring.

I 2010 fekk Kommunal- og regionaldepartementet evaluert regelen i kommunelova om innbyggjarinitiativ. Regelen seier at innbyggjarane på visse vilkår har rett til å krevje at eit konkret framlegg blir handsama av kommunestyret. I ein del tilfelle er det  administrasjonen som vurderer om dei formelle vilkåra for å fremje innbyggjarinitiativ er oppfylte

- Eg meiner det er uheldig at administrasjonen kan avvise framlegg frå innbyggjarane. Slike vurderingar bør kommunestyret ta, seier Navarsete.

- Eg ynskjer også å endre namnet på ordninga. Den bør heite ”innbyggjarframlegg” i staden for ”innbyggjarinitiativ”. Poenget med ordninga er jo å gjere framlegg, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet gjer samstundes framlegg om endringar i offentleglova.
 –  Innsyn i førebelse rapportar kan tidvis vere eit problem for kommunane. Uferdige og udokumenterte påstandar og opplysningar kan gje eit ordskifte på feil premissar. Eg kan ikkje sjå at nokon er tent med det, seier Navarsete.

Regjeringa gjer difor framlegg om at ein først kan få innsyn i dei førebelse dokumenta som går mellom kommunen og revisorar når den endelege versjonen av dokumentet er klar. Same regel skal gjelde for dokument som statleg tilsynsmyndigheit utarbeider i samband med tilsynet av kommunar.

– Det sentrale dokumentet i desse sakene er den endelege rapporten. At ein ikkje får innsyn i dei førebelse rapportutkasta før kommunen har motteke den endelege rapporten, er ikkje eit sterkt inngrep i retten til innsyn, seier Liv Signe Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.