Historisk arkiv

Afrika viktig for norske bedrifter

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet

- Dei afrikanske landa er viktige framtidige marknader for norske bedrifter, sa næringsminister Monica Mæland da ho opna Nordic-African Business Summit.

Næringsminister Monica Mæland (H) besøkte Kenya og Tanzania i høst. Her frå Tanzanias hovedstad Dar es Salaam.
Næringsminister Monica Mæland (H) besøkte Kenya og Tanzania i høst. Her frå Tanzanias hovedstad Dar es Salaam. Foto: Trond Viken/NFD

Fleire afrikanske land kan vise til sterk økonomisk vekst. Her ligg det mange mogelegheiter for norske bedrifter.

- Regjeringa ønsker at fleire norske bedrifter skal lykkast internasjonalt. Vi arbeider for at norsk næringsliv skal ha like gode vilkår i dei afrikanske vekstmarknadane som det bedrifter frå EU har, sa næringsminister Monica Mæland da ho opna Nordic-African Business Summit 2015 i Oslo i dag.

Frihandelsavtale 

Noreg har i dag ein frihandelsavtale med land i Afrika sør for Sahara. Frihandelsavtalen mellom EFTA, som Noreg er ein del av, og den sørafrikanske tollunionen SACU tredde i kraft i 2008. Landa som er med i SACU er Botswana, Lesotho, Namibia, Sør-Afrika og Swaziland.

I 2014 inngjekk SACU ein økonomisk partnarskapsavtale med EU. Avtalen gir bedrifter frå EU betre adgang til SACU-marknadane enn norske bedrifter på fleire område. EFTA arbeider derfor for å utvide og modernisere frihandelsavtalen frå 2008.

Besøkte Afrika

EFTA arbeider også for å få på plass ei samarbeidserklæring med Det østafrikanske fellesskapet EAC (Burundi, Kenya, Rwanda, Tanzania og Uganda). EU har hatt ein økonomisk partnarskapsavtale med EAC siden 2014.

– Det østafrikanske fellesskapet er på sikt ein interessant og aktuell partner for ein frihandelsavtale for Noreg og dei andre EFTA-landa. Ein samarbeidsavtale vil være eit viktig utgangspunkt for framtidige forhandlingar, seier næringsminister Monica Mæland. 

Næringsministeren tok opp dette då ho besøkte Kenya og Tanzania tidlegare i høst.

Ho hadde med seg ein næringslivsdelegasjon med deltakarar frå fleire sektorer, blant anna olje og gass, fornybar energi, akvakultur og import.

Kontor i Nairobi

For å sikre at fleire norske bedrifter grip sjansen i vekstmarkedene i Øst-Afrika oppretta Innovasjon Noreg eit kontor i Nairobi i 2014.

Ifølge SSB var det 107 norskkontrollerte verksemder i Afrika i 2013, mot 74 i 2011. Dei sysselsette om lag 6 700 personer og omsatte for over 70 milliardar norske kroner.