Historisk arkiv

Aktiv styring av bustadpolitikken

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Husbanken er det viktigaste verktøyet til staten i bustadpolitikken, seier kommunal - og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa. - Eg ynskjer tett dialog og meir direkte styring med Husbanken. Regjeringa legg i dag fram eit forslag til ny husbanklov som inneber nettopp det.

- Husbanken er det viktigaste verktøyet til staten i bustadpolitikken, seier kommunal - og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa. - Eg ynskjer tett dialog og meir direkte styring med Husbanken. Regjeringa legg i dag fram eit forslag til ny husbanklov som inneber nettopp det.

- For å gjera det enkelt å styra politisk, føreslår regjeringa å gjera Husbanken til eit forvaltningsorgan utan styre. Det vert i staden oppretta regionale råd, som skal vera viktige bindeledd mot kommunane, seier Kleppa. I tillegg vert det oppretta eit sentralt råd for departementet.

- For meg er det viktig å komma nært på og få tett kontakt og gode råd når eg utformar politikk som skal hjelpa dei som slit på bustadmarknaden. Difor er det ei god løysing at regionale representantar no får plass i eit sentralt råd, seier Kleppa.

Statsråden understrekar at Husbanken skal halda fram med å gi grunnlån til bustadbygging og startlån til kommunar, forvalta fleire tilskotsordningar og den statlege bustøtteordninga. Den nye lova medfører med andre ord ingen endringar i oppgåvene til Husbanken. Verkemidla vert regulerte i særskilde forskrifter. Husbanken skal som før vera eit kompetansesenter som samlar og spreier kunnskap om gode arbeidsmetodar og vellukka løysingar, mellom anna for stadutvikling og byggjeskikk, og for å skaffa bustad for bustadlause.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.

Til toppen