– Alle skal få ein ny sjanse

Om lag 400 000 vaksne har store problem med å lese og rekne. Mange av dei slit med å få ein stabil og varig jobb. Regjeringa vil våren 2016 legge fram ei stortingsmelding om denne problemstillinga, og føreslår 35 millionar kroner til oppfølging av meldinga i neste års statsbudsjettet.

– Regjeringa har laga eit statsbudsjett for arbeid, aktivitet og omstilling. Skal vi greie omstillinga norsk økonomi står overfor, må vi gi alle høve til å lukkast. Vi må gi dei som står utanfor arbeidslivet – og dei som står i fare for å falle utanfor –  ein ny sjanse, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Melding om livslang læring og utanforskap

Om lag 400 000 vaksne har store problem med grunnleggande ferdigheiter som å lese og rekne. Dei har større risiko for å falle ut av arbeidslivet enn andre. Regjeringa ønsker ein ny politikk for vaksne som har lite utdanning, svake grunnleggjande kunnskapar eller som manglar godkjend kompetanse. Målet er at den einskilde skal få ein stabil og varig jobb. Tiltaka blir presenterte i ei melding til Stortinget våren 2016, men regjeringa har allereie sett av 35 millionar kronar i budsjettet for 2016 for å følge ho opp.

Opplæring gjennom modular

Regjeringa vil prøve ut ei ny ordning med fag- og yrkesopplæring for vaksne som ikkje tidlegare har tatt slik utdanning. Den nye ordninga gir dei høve til å få opplæring gjennom kortare modular. Kvar modul tel for seg, men er også steg til full fag- og yrkesopplæring. Modulane blir meir tilpassa den einskilde sin livssituasjon, og deltakarene kan sjølv fastsette tempo og kva for modular dei treng. Modulane kan også kombinerast med jobb eller praksisplass gjennom NAV. Det er sett av 7,5 millionar kroner til dette i 2016-budsjettet.

Utviding av Basiskompetanse i arbeidslivet (BKA)

Basiskompetanse i arbeidslivet (BKA) er ei ordning kor bedrifter kan søke om pengar frå det offentlege for å gi deira tilsette opplæring i grunnleggande kunnskapar. Dette er ei vellukka ordning som har tillit i arbeidslivet. BKA-ordninga har så langt ikkje omfatta opplæring i grunnleggande norsk, men det vil den gjere frå 2016. Partane i arbeidslivet har lenge ønskt seg dette. Endringa vil blant anna kunne føre til at utanlandske tilsette som mister jobben, raskare vil kunne komme seg i ny jobb.

Statsbudsjettet

Opphavsretten til grafikkene tilhører Nyhetsgrafikk. Ønsker du å bruke noen av grafikkene ta kontakt med Kommunikasjonsenheten ved  Ajfer Husejin

Større versjon