Årets tal for sal av geitemjølkkvoter er klare
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 24.11.2017
I omsetningsrunden 2017 har åtte geitemjølkprodusentar selt om lag 340 000 liter grunnkvote. Det er dobbelt så mange seljarar som i 2016.
Den gjennomsnittlege salsmengda for seljarane gjekk ned frå om lag 74 000 liter i 2016 til 42 400 liter i år. I jordbruksoppgjeret 2017 vart det bestemt at det skal vere ei oppkjøpsordning for geitemjølkkvoter. Oppkjøpsordninga for geitemjølkkvoter inneber at i omsetningsrunden 2017 og 2018 blir prisen auka frå dagens 2,50 kroner per liter til 12 kroner per liter for delen av grunnkvota som blir seld til staten (minst 20 prosent).