Historisk arkiv

Auka straff mot ulovleg fiske

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Regjeringa føreslår å auke strafferamma for grovt ulovleg fiske av vill laksefisk og innlandsfisk frå to til fem års fengsel. I tillegg blir det føreslått heimlar til å beslagleggje reiskap og utskrive brotsgebyr.

- I det internasjonale villaksåret 2019 vil vi styrkje innsatsen mot ulovleg fiske. Dette er eit tydeleg signal om at ulovleg fiske er alvorleg miljøkriminalitet, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen.

Forslaga blir no sende på høyring.

Kvart år blir det avdekt eit betydeleg ulovleg fiske av vill laksefisk. Innsats mot ulovleg fiske er viktig for å hindra at overfiske blir eit endå større trugsmål mot bestandane.

I høyringsforslaget blir den øvre strafferamma for grovt brot på lakse- og innlandsfisklova heva frå to til fem års fengsel. Dei føreslåtte endringane styrkjer òg handhevinga av regelverket ved å gi forvaltinga nye og utvida heimlar til å ilegge administrative reaksjonar og sanksjonar. Det inneber mellom anna å avbryte pågåande ulovleg fiske ved å gjere beslag og til å ilegge brotsgebyr.

Her er lenke til høyringa på Klima- og heimesida til miljødepartementet