Historisk arkiv

Betre butikkar i Distrikts-Norge

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

– Nærbutikken er ein viktig samlingsplass i distrikta og avgjørande for levande lokalsamfunn fleire plasser, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner. Nærbutikkar i distrikta har tru på framtida og satsar på utbygging og modernisering. Dei fire siste åra har distriktsbutikkane fått til saman 177 millionar kroner i statlege midlar til investeringar som skal gi innbyggjarane eit betre servicetilbod.

Jolanda Tervoort, som driver Batalden Landhandel på Fanøy i Flora kommune, i samtale med kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner. Foto: Per Kjetil Jørgensen, Merkur

Merkur arbeider for at distriktsbutikkane skal vere lokale service-senter, med post, tipping, apotekvarer, lokal mat, kommunal informasjon, sal av drivstoff, turistinformasjon og liknande. Slike tilleggstenester gir butikken fleire bein å stå på, samtidig som folk på bygda får eit betre tilbod.

– Daglegvarebutikkar er ein viktig del av kvardagen i Distrikts-Noreg. Regjeringa er oppteken av at små butikkar vert rusta opp slik at dei kan gi eit endå betre tenestetilbod til lokalsamfunna sine. Det er eit mål å byggje opp under det sterke lokale engasjementet som butikkdrivarane viser rundt om i Noreg, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

181 nærbutikkar fekk 34 millionar kroner i statleg støtte til investeringar i butikk eller drivstoffanlegg i fjor. Interessa for modernisering var så stor at Merkur-programmet, som fordeler midlane på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet, måtte innføre søknadsstopp i november.

– Det er eit hovudmål i distriktspolitikken å styrke tilgangen på grunnleggjande tenester for folk. Merkur er eit viktig verkemiddel for å gjere kvardagen enklare for innbyggjarane, gjennom eit godt daglegvaretilbod og mange tenester knytt til butikken, seier Sanner.

I 2017 blir det innført ei ny støtteordning for dei aller minste butikkane. 40 nærbutikkar med viktige service-funksjonar for lokalsamfunn og næringsliv vil få eit ekstra årleg tilskot på 100.000 kr. Bokhandlar i Distrikts-Norge vil også kunne få støtte til utvikling av bokhandelen som sosiale og kulturell møteplass.

Kommunalministeren har besøkt fleire nærbutikkar og han registrerer at mange butikkdrivarar er viktige samfunnsentreprenørar i sine lokalsamfunn. Nærbutikkar fungerer som eit nav i lokalsamfunnet. Dei er viktige for å skape gode lokalsamfunn, vekst og verdiskaping over heile landet.

Merkur-programmet driv opplæring av nye kjøpmenn og aktiv bedriftsrådgjeving gjennom konsulentar over heile Noreg. Målet er at kjøpmannen skal utvikle butikken sin, i nært samspel med bygda.

Små butikkar som deltek i Merkur-programmet, har i fleire år hatt større vekst i omsetnaden enn store distriktsbutikkar, viser rapportar frå Institutt for bransjeanalysar.

Tre fylke peikar seg ut når det gjeld stor investeringsvilje i fjor; det er Nordland, Hordaland og Møre og Romsdal. Tilskota frå Merkur fordeler seg på 126 kommunar og 18 fylke.

Størsteparten av midlane går til opprusting av butikkane, i form av nye kjølediskar, frysarar og butikkdata. Nokre butikkar har behov for utviding eller oppussing av lokalet. Andre satsar på å byggje ut kaffikroken som ein møtestad for bygda. 17 lokalsamfunn fekk støtte til modernisering eller etablering av drivstoffanlegg i 2016.

Innvilga støtte gjennom Merkur-programmet 2016 (pdf)
 

  • Merkur-programmet er Kommunal- og moderniseringsdepartementets program for å utvikle og styrke butikkar i distrikts-Norge.
  • Målet er å sikre folk i distriktet tilgang til ein nærliggande daglegvarebutikk og bokhandel med god kvalitet.
  • Merkur arbeider for at butikkane skal få tilleggstenester som aukar lønsemda og gir innbyggarane i lokalsamfunnet betre tenester.
  • Merkur gir økonomisk støtte til viktige investeringar knytt til daglegvarebutikk og drivstoff-anlegg.

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00