Bygdeutviklingsprisen 2013

17 fylkesvinnarar kjempar om Innovasjon Norges Bygdeutviklingspris for 2013 på 250 000 kroner. Prisen vert delt ut under opninga av den norske standen på Internationale Grüne Woche i Berlin fredag 17. januar 2014.

Bygdeutviklingsprisen er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for dei som har etablert ei vellukka bedrift eller næring med basis i bygdenes og landbrukets ressursar. Det vert kåra ein vinnar i kvart fylke som får 50 000 kroner.

Vinnarane deltek i konkurransen om den nasjonale prisen som er på 250 000 kroner. 3 av fylkesvinnarar vert nominert til den nasjonale prisen og invitert til Berlin, kven dette er vert offentleggjort seinare.

Kandidatane vert vurdert etter:

  • Nyskaping/originalitet
  • Økonomisk resultat/lønsemd
  • Sysselsetting, særleg for kvinner og ungdom
  • Sosial og miljømessig berekraft, herunder utnytting av lokale ressursar, fortrinn og ringverknader i lokalsamfunnet.