Den internasjonale holocaustdagen 27. januar

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

– Dette er ein dag vi skal minnast offera for nazistane sin utrydningspolitikk. Eg oppfordrar alle til å ta del i minnemarkeringane som arrangerast fleire stadar i landet, seier kommunal og distrikstminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Holocaust er nemninga på folkemordet på jødar og andre etniske, religiøse, politiske og seksuelle minoritetsgrupper som det nazistiske Tyskland gjennomførte frå 1938 til 1945.

Auschwitz-Birkenau, som var den største dødsleiren, blei frigjort 27. januar 1945. Denne datoen er vald som den internasjonale holocaustdagen.

Vi må aldri gløyme

Den tyske okkupasjonen av Noreg under andre verdskrig førte til at totalt 773 norske jødar blei sende til dødsleirane i Tyskland og Polen i åra 1942–1945. Romer, menneske med funksjonsnedsettingar, homofile, og politiske fangar var òg blant dei som blei drepne.

– 27. januar er ikkje berre ein minnedag, det er òg ein dag der nye generasjonar får moglegheita til å lære om rasismen og antisemittismen sine ytste og grufulle konsekvensar. Vi må heile tida jobbe for at dette aldri skjer igjen, seier Gjelsvik. 

Holocaustdagen blir kvart år markert ved Akershuskaia i Oslo, i regi av Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter. Hovudtalar i år er statsminister Jonas Gahr Støre.