Den nordiske klinkbåttradisjonen er innskriven på UNESCO si liste over verdas immaterielle kulturarv

I dag har den nordiske klinkbåttradisjonen blitt innskriven på UNESCO si liste over den immaterielle kulturarven i verda. Dette er ei stadfesting av at det internasjonale samfunnet verdset klinkbåt-arven, og at tradisjonen og kunnskapen må sikrast i framtida.

Sandra Márjá West set den sjølvbygde elvebåten sin på vatnet i Karasjoka.
Sandra Márjá West set den sjølvbygde elvebåten sin på vatnet i Karasjoka. Foto: Tomasz Wacko/RiddoDuottarMuseat

– Dette er ein stor dag for kulturvernet i Norden! Innskrivinga er eit eksempel på nordisk samarbeid på sitt aller beste. Heile vegen frå grasrotnivå og opp til kulturråda og kulturdepartementa, har nordiske aktørar gått saman om å løfte og synleggjere klinkbåttradisjonane. Dette viser korleis idear, prosessar og inspirasjon beveger seg over landegrensene og binder folk saman, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.

Noreg har frå før Oselvarverkstaden, Setesdal-tradisjonen og Nidarosdomens restaureringsarbeider på UNESCO sine lister over immateriell kulturarv, men det er første gongen UNESCO har fått ein nominasjon frå eit samla Norden.

– Eg vil få takke Forbundet KYSTEN for å ha tatt det første initiativet, og vil òg få rose dei for eit svært godt og omfattande forankringsarbeid. Ikkje berre hos båtbyggerane, men òg hos lag og organisasjonar, museum, utdanningssektoren, båtbrukarane og mange andre som er interesserte i tradisjonen. Og så er det svært positivt at samiske tradisjonar og nasjonale minoritetar sine tradisjonar er inkludert i nominasjonen, avsluttar Trettebergstuen.

Les meir på nettsida til Kulturrådet