Det norske oste-eventyret

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Det har gått føre seg ein stille revolusjon i ostelandet Noreg. Nå kan du få kjøpt meir enn 400 ulike osteslag frå 130 ysteri. I dag fyller organisasjonen Norsk Gardsost 25 år, og markerer med festmiddag på Oscarsborg Festning.

– Organisasjonen Norsk Gardsost har vore sentral i utviklinga av norsk ostenæring dei siste 25 åra, sier landbruks- og matminister Sandra Borch.

– Eg vil få gratulere Norsk Gardsost og alle dei kreative og flinke medlemmene deira som har vore fyrtårn i den sterke utviklinga for norsk lokalmat. Kvaliteten på norske ostar er stadfest gjennom topp-plasseringar i konkurransar både nasjonalt og internasjonalt, der to norske ostar har vunne Oste-VM, seier Borch.

Omsetnaden av lokal mat og drikke gjennom daglegvarehandelen har auka frå 2,3 mrd. kroner i 2011 til 6,8 mrd. I 2021. Totalt ble det selt lokal mat og drikke for godt over 11 mrd. kroner i 2021.Tal frå Ipsos spisefakta viser at 2 av 10 nordmenn ét lokalprodusert ost kvar månad.

Verdens beste ost 2018 - Fanaosten fra Ostegården.
Verdens beste ost 2018 - Fanaosten fra Ostegården. Foto: HANEN/Jan Inge Wiigjpeg

Pioneren Gangstad gårdsysteri

I 1998 åpna landets første autoriserte gardsysteri - pionéren Gangstad gårdsysteri. Fire år seinare vart Voll Ysteri på Jæren det aller første med godkjenning for upasteurisert osteproduksjon frå kumjølk, medan Undredal Stølsysteri vart det første med løyve til å yste av upasteurisert geitemjølk i 2003. Avdem gardsysteri, Eiker gårdsysteri og Tingvollost er alle kjende ysteri som vart etablert kring årtusenskiftet.

Frå nord til sør

Det er i dag lokale ysteri frå nord til sør i landet. Ostemakar Øverli i Svanvik i Aust-Finnmark er den nordlegaste osteprodusenten i landet. Og langt i sør ligg Tjamsland gard, der seks kyr gir råvarer til ost og andre meieriprodukt av ypperste kvalitet.

Blåmuggosten Kraftkar sigra i World Cheese Award

I 2016 vann Tingvollost med blåmuggosten Kraftkar sjølvaste World Cheese Award. På heimebane i Bergen to år seinare vann den lagra goudaosten «Fanaost» frå Ostegården i Fana finalen. Ein norsk geitost kom på delt andreplass, og fleire titals norske ostar vart premiert med supergull, gull, sølv og bronse.

Lagring av ost.
Lagring av ost. Kraftkar fra Tingvoll. Foto: Torbjørn Tandberg

Pascale Baudonnel

Det var Pascale Baudonnel som i 1997 tok initiativ til å etablere organisasjonen Norsk Gardsost med føremål å arbeide for betre rammevilkår for småskala mjølkeforedling i Noreg. Den gongen fantest det ikkje noko regelverk som var tilpassa småskalaproduksjon, og upasteurisert ost var ikkje tillatt.  

I dag har organisasjonen 331 medlemmer, av desse er det 130 aktive medlemsysteri. Medlemsutviklinga i Norsk Gardsost, med nær sjudobling av medlemstalet, avspeglar utviklinga i norsk ostenæring dei siste 25 åra,

– Norsk Gardsost har gjort eit stort arbeid for å vidareføre gamle ystetradisjonar. Organisasjonen har fremja mangfald ved å byggje kunnskap og dele erfaringar, seier Turid Nordbø, styreleiar i Norsk Gardsost.

– Det er skapt ein kultur der ein ser kvarandre som hjelparar meir enn konkurrentar. Det er også blitt henta heim kunnskap frå andre europeiske handverksystarar gjennom nettverket for tradsisjonsostar, FACE, seier Turid Nordbø.

Fjelldronning, Avdem Gardsysteri.
Fjelldronning, Avdem Gardsysteri. Foto: Stiftelsen NorskMat.

Upaseurisert mjølk og lokal foredling

EØS-avtalen frå 1994 fikk mykje å seie for utviklinga av ostenæringa, sidan påbodet om pasteurisering av all mjølk då vart oppheva. Det vart starten på ei utvikling der fleire småskala osteprodusentar starta med osteproduksjon av råmjølk for å få fram meir variasjon i smaken.

I 2003 vart regelverket for produksjon av mjølk endra slik at  mjølkeprodusentar kunne få fritak frå overproduksjonsavgift ved lokal foredling av mjølk. Føremålet var å stimulere til meir verdiskaping i mjølkeproduksjonen ved å nytte betre ut markaden for mjølk som blir foredla lokalt.

Nytt studietilbod

Frå hausten 2022 tilbyr Fagskulen Vestlandet for første gong studietilbodet “Handverksysting – verdiskaping i mjølkeforedling” i samarbeid med Sogn Jord- og Hagebruksskule og Trøndelag høyere yrkesfagskole avd. Trondheim. Det blir eit nett- og samlingsbasert årsstudium over to år som gir tittelen ystetekniker.

Ostelandet.no

Ostelandet.no er ei nettside som er utvikla av HANEN i samarbeid med Norsk Gardsost. Her ligg mykje informasjon om norske ostar, oppskrifter, produsentar og ysteri. Meir enn 80 produsentar er registrert på ostelandet.no med over 350 oster.

Ost
Himmelspannet, Raudberg. Foto: Lisa Westgaard, Stiftelsen NorskMat