Dialogmøte med tru- og livssynsorganisasjonar

Statsminister Jonas Gahr Støre og barne- og familieminister Kjersti Toppe inviterer til dialogmøte med tru- og livssynsorganisasjonar onsdag 1. november kl. 14.30.

Krigen mellom Israel og Hamas på Gaza spreier mørke skuggar over Midtausten. Brutale angrep på sivile og store humanitære lidingar påverkar menneske langt utover regionen – også her heime. Mange kjenner på bekymring og uro. Ein del nordmenn har også nær tilknyting til regionen gjennom familie, venner eller trustilhøyrsle.

Statsministeren og barne- og familieministeren ønskjer å samtale om korleis vi i ei tid som for mange er prega av frykt og uro kan halde fram den gode dialogen, og korleis ein saman kan bidra til å førebyggje splitting og halde oppe samhald og tillit i det norske samfunnet.

Stad: Regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.

Program

  • 14.30: Statsministeren ønskjer velkommen. Innleiing frå Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn. Denne delen er open for pressa og vert overført på regjeringa.no.
  • Dialogmøte utan presse.
  • Pressetilgjenge for statsministeren og barne- og familieministeren om lag kl. 1545.

Nett-tv Dialogmøte med tru- og livssynsorganisasjonar.

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Me ber om påmelding til mo@smk.dep.no innan onsdag kl. 12.00.  Oppmøte for presse i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 14.00 for registrering og sikkerheitssjekk. Ta med pressekort og gyldig id.

Arrangementet blir filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende arrangementet direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.