Dobla klimafinansieringa fire år før fristen

Noregs klimafinansiering var i 2022 på 15,5 milliardar kroner. Dette kjem mellom anna av høg mobilisering av privat kapital.

– Eg er veldig glad for at klimabistanden vår bidreg til å utløyse så store investeringar frå andre. Skal vi ha ein sjanse til å nå klimamålet om å halde temperaturauken til 1,5 grader, må vi mobilisere investeringar frå privat sektor. Desse tala viser at bistanden vår leverer på dette. Klimainvesteringsfondet er eit viktig verktøy for Noreg, seier utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim.

Under klimatoppmøtet i Glasgow i 2021 forplikta Noreg ei dobling av klimafinansieringa frå 7 milliardar kroner i 2020 til 14 milliardar kroner årleg innan utgangen av 2026. Målet er ein del av det breiare finansieringsmålet til rike land om å mobilisere 100 milliardar dollar i klimafinansiering årleg frå 2020.

– Klimafinansieringa vår er avgjerande for at utviklingsland skal kunne tilpasse seg dei negative konsekvensane av klimaendringane og få ei berekraftig økonomisk utvikling med låge utslepp. Tala frå 2022 understrekar viktigheita av samarbeidet mellom det private og det offentlege for at utviklingsland skal kunne bli med på innovasjonen og framstega som no skjer i energisektoren, og ikkje blir sitjande igjen med ein utdatert og kostbar fossil energisektor, seier klima og miljøminister Espen Barth Eide.

Ein stor del av auken i norsk klimafinansiering i 2022 kom gjennom Norfunds mobilisering av privat kapital, og særleg Klimainvesteringsfondet som mobiliserte meir enn 5,6 milliardar kroner i privat kapital. Målet med Klimainvesteringsfondet er å bidra til å redusere eller unngå klimagassutslepp ved å investere i fornybar energi i utviklingsland.

– Dei årlege investeringane i fornybar energi i utviklingsland må ifølgje IEA sjudobles, og vi ser at vi kan bidra effektivt gjennom å få med oss andre investorar og mobilisere privat kapital. Klimainvesteringsfondet investerte allereie det første året i prosjekt i India og Sør-Afrika som vil unngå utslepp tilsvarande 13 prosent av Noregs årlege utslepp, seier Tellef Thorleifsson, administrerande direktør i Norfund.

Klimakrisa rammar dei fattigaste og mest sårbare samfunn hardast. Auka klimatilpassing og førebygging av katastrofar er viktig for at land skal byggje motstandskraft til dømes mot hyppigare og kraftigare ekstremvêr.

– Folka eg møte på bakken fortel at dei ikkje kan møte klimakrisa utan auka støtte frå land som Noreg. Vi har eit mål om å minst tredoble støtta til klimatilpassing. Denne støtta er avgjerande for at utviklingslanda kan bli betre rusta til å motstå dei negative konsekvensane av klimaendringane, seier Tvinnereim.

Tala mobiliserte gjennom privat kapital vil variere frå år til år. Derfor kan tala neste år vere under måltalet på 14 milliardar kroner.

Norsk klimafinansiering, 2020-2022

 (i Milliarder kronar)

     

 

2020

2021

2022

Offentleg klimafinansiering

6,7

7,6

9,2

Mobilisert privat klimafinansiering

0,3

0,7

6,3

Total klimafinansiering

7,0

8,3

15,5

Definisjonar

Norsk klimafinansiering til utviklingsland er samansett av offentleg klimafinansiering og privat klimafinansiering mobilisert av offentlege midlar:

  • Offentleg klimafinansiering: Ei berekning av norsk offentleg finansiering av aktivitetar med formål om klimatilpassing og/eller *utslippssreduksjon i utviklingsland. Her inngår også Norfund og Klimainvesteringsfondets klimarelevante enkeltinvesteringar.
  • Mobilisert privat klimafinansiering: Ei berekning av private klimarelevante investeringar utløyste av Norfund/Klimainvesteringsfondets offentlege investeringar. Følgjer OECDs retningslinjer for berekning av mobilisering og er i tråd med UNFCCS rapporteringsrammeverk.

Beløpa er ein kombinasjon av utbetalingar og kommitteringar:

  • Offentleg klimafinansiering blir målt i Beløpa inkluderer ikkje sal, tilbakebetalingar, utbytte og renteinntekter. Beløpa er utbetalingar, og er dermed ikkje avtalefesta beløp eller totalt investerte på tidspunktet. At beløpa er utbetalingar gjeld også Norfund/Klimainvesteringsfondets aktivitetar.
  • Mobilisert privat klimafinansiering blir målt i kommitteringar. Dette er til forskjell frå offentleg klimafinansiering som blir målt i utbetalingar. Det er å forvente at kommitterte beløp varierer årlegare enn utbetalingar.