Ei modernisering av forbrukarvernet

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Barne- og familiedepartementet (BFD) legg fram ein lovproposisjon om gjennomføring av EU sitt moderniseringsdirektiv i norsk rett. Dei føreslåtte lovendringane vil oppdatere og styrkje forbrukarvernet. Forbrukarane får fleire rettar, særleg på det digitale området. Forbrukartilsynet vil òg kunne sanksjonere brot på forbrukarvernreglane med høgare lovbrotsgebyr enn før.

- Maksgrensa kan gjere at lovbrotsgebyra aukar betydeleg. Målet er ikkje at fleire skal få høge gebyr, men at det skal vere avskrekkande å bryte forbrukarvernreglane. Dette vil kome forbrukarane til gode, seier forbrukarminister Kjersti Toppe (Sp).

Den nye grensa for lovbrotsgebyr som trådte i kraft 14. februar, er på fire prosent av årsomsetninga eller 25 millionar kroner, der det høgste beløpet skal nyttast. Dette gjer at verksemder som grovt bryt sentrale forbrukarvernreglar, no risikerer høgare lovbrotsgebyr enn tidlegare. Departementet skal sende ut ei eiga høyring om den øvre grensa for lovbrotsgebyr knytt til openheitslova og pakkereiselova.

Av andre tiltak som blir føreslått i proposisjonen er:

  • høve til å ileggje lovbrotsgebyr ved bruk av urimelige avtalevilkår
  • nye reglar for uoppmoda dørsal
  • skjerpa krav til produktsøk og brukaromtaler
  • nye reglar om salsmarknadsføring
  • særlege opplysingskrav for såkalte nettbaserte marknadsplassar
  • angrerett der forbrukarane gir frå seg personopplysningar

- Forbrukarane får nye rettar samstundes som handhevinga blir meir effektiv. Forbrukartilsynet får med dette enda fleire verktøy i verktøyskassa. Lovendringane som følgjer av moderniseringsdirektivet er ei nødvendig forbetring og oppdatering av forbrukarvernet, seier Toppe.

Moderniseringsdirektivet gjer endringar i fire forbrukarverndirektiv som allereie er  gjennomførte i norsk rett: direktivet om urimelige avtalevilkår (93/13/EØF), prismerkingsdirektivet (1998/6/EF), direktivet om urimelig handelspraksis (2005/29/EF) og forbrukerrettighetsdirektivet (2011/83/EU). Forslaga inneber endringar i marknadsføringslova, angrerettlova, avtalelova, ehandelslova, digitalytelseslova, finansavtalelova, forbrukarkjøpslova, forsikringsavtalelova, tenesteloven og yrkestransportlova.

Forslag til gjennomføring av direktivet blei sendt på høyring frå 16. november 2020 til 17. februar 2021. Direktivet trådte i kraft i EU 28. mai 2022. Det er ikkje fastset når reglane skal ta til å gjelde.

Les: Prop. 50 LS (2022–2023) Endringer i markedsføringsloven og angrerettloven mv. (gjennomføring av moderniseringsdirektivet) og samtykke til godkjenning av EØS-komiteens beslutning nr. 69/2021 om innlemmelse i EØS-avtalen av direktiv (EU) 2019/2161