Ekspertutval føreslår endringar i Helsetilsynets praksis

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol har mottatt rapporten frå ekspertgruppa som har undersøkt sakar om overgrep utført av helsepersonell mot pasientar.

– Det skal vere trygt for alle å oppsøke helsetenesten. Vi må gjere alt vi kan for å hindre at pasientar blir utsett for overgrep av helsepersonell. Denne rapporten blir viktig for vårt vidare arbeid med å styrke sikkerheita for pasiantane, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

– Eg vil takke leiaren for utvalet, Bjørn Kristian Soknes, og medlemmane av utvalet for arbeidet dei har gjort, legg Kjerkol til. 

Nedsett i etterkant av Varhaug-saka

Ekspertutvalet blei nedsett i kjølvatnet av VGs sakar om psykolog Sverre Varhaug som føregreip seg på fleire pasientar over ei rekke år. 

Utvalet har undersøkt korleis sakar om overgrep i heile helse- og omsorgstenesten har blitt handtert. I mandatet blei utvalet bedt om å gå gjennom og vurdere behandlinga av sakar hos statsforvalterane, Statens helsetilsyn og Statens helsepersonellnemnd som gjeld overgrep utført av helsepersonell mot pasientar i perioden 2010–2020. 

Utvalet blei oppnemnd 4. juni 2021 og har blitt leia av juristen Bjørn Kristian Soknes, som tidlegare var statsadvokat og leiar av Trøndelag statsadvokatembeter. 

– Djupt tragisk sak

– Det er vondt å lese om dei ulike sakane om overgrep. Varhaug-saka er djupt tragisk for dei som er råka av den, seier Kjerkol. 

– Som øvste ansvarlege for helsetenesten vil eg be om unnskyldning til alle dei som har vore utsett for overgrep frå helsepersonell. Vi vil no nøye gå gjennom rapporten for å lære og for å sjå om det er behov for å endre regelverk eller praksis, fortel helse- og omsorgsministeren. 

Sentrale funn og anbefalingar i rapporten: 

  • Helsetilsynets reaksjonar og behandling av sakar er ikkje tilstrekkeleg når det er mistanke om at helsepersonell med og utan autorisasjon misbrukar si rolle til å utføre overgrep. 
  • Involvering av påtalemakta må styrkast, mellom anna ved meir systematisk arbeid. Det er særleg viktig i sakar som gjeld helsepersonell utan autorisasjon. 
  • Arbeidsgivarar si oppfølging og praksis med å sende over sakar til helsetilsynet ved mistanke om overgrep verkar vilkårleg. 
  • Pasientar og pårørande sin posisjon må styrkast ved mistanke om grenseoverskridande åtferd. 

Sentrale forslag til endringar av praksis: 

  • Helsetilsynet må endre sin praksis, slik at alvorlege sakar med høg risiko for pasientar prioriterast først, og bruke suspensjonsordninga meir systematisk og raskt etter at saka er komen til tilsynet. 
  • Helsetilsynet sin praksis som gjeld personell utan autorisasjon må endrast, slik at dei alvorlege sakane blir følgd opp av Statens helsetilsyn og påtalemakta. 
  • Det er nødvendig å forholde seg konkret til variasjon i alvorsgrad når det gjeld krenkingar av grensar. Det anbefalast å gi meir nyanserte reaksjonar basert på reelle individuelle vurderingar i kvar sak. Det er store variasjonar i sakane utan at dette i tilstrekkeleg grad blir speila i reaksjonane. 

Rapport frå pasientovergrepsutvalget (PDF)