Eldre- og folkehelseminister Åse Michaelsen besøker Lillehov gård på Løten og Frisklivssentralen på Hamar tysdag 6. februar

Statsråd Åse Michaelsen møter brukarar og tilsette til frukost på Inn på tunet på Lillehov gård. På Lillehov får menneske med demens delta i ulike typar aktivitetar i heimlege omgivnader. Deretter reiser statsråden til Hamar for å delta i ei trimgruppe i regi av Frisklivssentralen på Hamar. Hun skal også møte brukarar i ei eiga gruppe for menn som har hatt kreft.

Dagen vert avslutta på Gjøvik og KS sin strategikonferanse. Der skal statråden halde innlegg om kvalitetsreforma Leve hele livet. Målet med reforma er at alle eldre skal få betre hjelp og støtte til å meistre livet, og handlar om dei grunnleggande tinga i livet: mat, aktivitet, fellesskap, helsehjelp og samanhengande tenester.

Program

Kl. 09.00-10.30: Inn på tunet, Lillehov gård
Adresse: Lillehov. Inn på tunet på Lillehov er eit tilrettelagt dagaktivitetstilbod til menneske med demens.

Kl. 11.00-12.30: Frisklivssentralen på Hamar 
Adresse: Ankerskogveien 7, oppmøte ved svømmehallen. Hamar kommune har utvikla eit breitt tilbod til befolkninga som også inkluderer tilbod til kronisk sjuke som kreftpasientar.

Kl. 14.00-15.00: KS strategiseminar
Adresse: Quality Strand hotel, Elvegaten 2-4. Statsråden skal halde innlegg med tema kvalitetssreforma Leve hele livet.

Pressa er velkommen til å delta heile dagen.