Historisk arkiv

Endring av reindriftslova

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Regjeringa har i dag sendt over til Stortinget eit framlegg om endringar reindriftsloven § 60. Framlegget går ut på at fylkesmannen får høve til å fastsetje eit øvre reintal per sidaandel.

– For første gong på mange år har vi nå eit reintal som er tilpassa beitegrunnlaget. Denne lovendringa er naudsynt for å sikre at dette vil vere situasjonen også framover, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

– Forslaget gir tilstrekkeleg heimel til at fylkesmannen kan sjå til at einskilde aktørar nå ikkje byggjer opp reintalet i strid med dei målsetjingane som er sett, seier Dale.

Hovudmålet i reindriftspolitikken for denne regjeringa er ei økologisk berekraftig reindrift som kan gje grunnlag for ein sunn økonomi og livskraftige reindriftssamfunn.

Intern sjølvforvaltning
Endringa er naudsynt for å hindre at reineigarar posisjonerer seg ved å auke reintalet, og skal berre takast i bruk i tilfelle det interne sjølvstyret i reindrifta sviktar. 

Der fylkesmannen har gjort vedtak om øvre reintal per siidaandel, legg framlegget opp til at to eller fleire siidaandelar kan bli samde om ein annan intern reintallsfordeling. På denne måten er omsynet til den interne sjølvforvaltninga ivaretatt både før og etter at fylkesmannen eventuelt har gjort eit slikt vedtak.