Endringar i havenergilova

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Kongen i statsråd har i dag godkjent at proposisjon om endringar i havenergilova blir oversendt Stortinget.

Dei foreslåtte endringane gir Olje- og energidepartementet heimel til å lyse ut og invitere til konkurranse om tildeling av område som er opna etter havenergilova.

— Regjeringa har høge ambisjonar for havvind i Noreg. Med dette forslaget til lovendring viser vi at vi gjennomfører planen vi har lagt for arbeidet med utvikling av regelverket for vindkraft til havs. Regjeringa planlegg utlysing av areal på Utsira Nord og Sørlige Nordsjø II neste år, og lovforslaget bidreg til å legge til rette for dette, seier olje- og energiminister Terje Aasland.

Bakgrunn

Lov om fornybar energiproduksjon til havs (havenergilova) vart vedteken i 2010 og legg det juridiske grunnlaget for forvaltninga av fornybar energiproduksjon til havs. Lova gjeld på norsk sjøterritorium utanfor grunnlinja og på kontinentalsokkelen, men føresegner i lova kan også verte gjort gjeldande i indre farvatn. Lova slår fast at retten til å utnytte fornybare energiressursar til havs tilhøyrer staten.