Endringar i utlendingslova som følgje av endra strafferammer i ny straffelov

Justis- og beredskapsdepartementet har sendt på høyring eit forslag om å harmonisere utlendingslova med straffelova, som følgje av at ei rekkje lovbrot får endra strafferamme i ny straffelov.

Ved ikraftsetjinga av ny straffelov, planlagt til 1. oktober 2015, får ei rekkje lovbrot heva eller senka strafferamme samanlikna med gjeldande straffelov. For å sikre at dei same lovbrota som i dag gjer grunnlag for utvising også i framtida skal gjere det, må vi harmonisere utlendingslova med ny straffelov.

– Det er viktig å endre utlendingslova slik at personar som oppheld seg ulovleg, og som til dømes naskar, framleis kan bli utvist etter utlendingslova. Nasking er i dag eit viktig grunnlag for utvising av utanlandske kriminelle og vil utan ei endring av utlendingslova ikkje lenger kunne nyttast. Det kan vi ikkje akseptere, seier justis- og beredskapsministeren.

For å sørgje for at rettstilstanden i dag i best mogleg grad blir haldt ved lag, og for å vurdere dei tilfella der nye lovbrot og strafferammer vil få utlendingsrettslege konsekvensar, har departementet sett i verk eit regelverksarbeid for å vurdere naudsynte justeringar i utlendingslova. Til dømes kan ein i dag utvise ved brot på straffebod med strafferammer over tre månader. Dei foreslegne endringane sørgjer for at vi framleis kan utvise på dette grunnlaget.

Forslaget er ei følgje av at departementet nyleg fremja eit forslag om ikraftsetjing av ny straffelov.