Historisk arkiv

Enklare for næringslivet med EDAG

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

Regjeringa foreslår ei ny felles ordning for rapportering frå arbeidsgivar om tilsetjings- og inntektsforhold til Skatteetaten, Arbeids- og velferdsetaten (NAV) og Statistisk Sentralbyrå. Formålet med forslaget om elektronisk dialog med arbeidsgivar (EDAG) er i første rekkje å forenkle innrapporteringa ved at arbeidsgivar ikkje skal måtte levere dei same opplysningane fleire gonger.

Regjeringa foreslår ei ny felles ordning for rapportering frå arbeidsgivar om tilsetjings- og inntektsforhold til Skatteetaten, Arbeids- og velferdsetaten (NAV) og Statistisk Sentralbyrå. Formålet med forslaget om elektronisk dialog med arbeidsgivar (EDAG) er i første rekkje å forenkle innrapporteringa ved at arbeidsgivar ikkje skal måtte levere dei same opplysningane fleire gonger.


- Forenkling for næringslivet er eit prioritert område, og Regjeringa legg stor vekt på å redusere dei administrative byrdene for næringslivet. Ein vesentleg del av desse byrdene er bundne til rolla som arbeidsgivar, og det er eit stort potensial i betre og meir samordna løysingar, seier finansminister Sigbjørn Johnsen.

I dag rapporterer arbeidsgivarar til dels dei same opplysningane om tilsetjingar, løn og skattetrekk til både Skatteetaten, NAV og Statistisk sentralbyrå. Denne rapporteringa skjer til fleire ulike tidspunkt og på ulike måtar. Regjeringa foreslår med EDAG ei ny, felles ordning der arbeidsgivar minst ein gong i månaden gir lønsopplysningar osb. om kvar einskild tilsett. Ordninga inneber at fleire av dei oppgåver og skjema som i dag blir levert, til dømes løns- og trekkoppgåva, fell bort. Ordninga føreset at opplysningane i all hovudsak blir levert elektronisk, og at dei blir produsert av fagsystem på løns- og personalområdet som arbeidsgivarane nytter. Arbeidsgivarar som ikkje har slike system, vil kunne bruke ei internettbasert teneste, men det vil òg vere eit avgrensa høve til å levere på papir i ein overgangsperiode.

Analysar anslår ei årleg innsparing for arbeidsgivarane på om lag 500 millionar kroner når ordninga er på plass. Den endelege utforminga vil kunne påverke den reelle innsparinga, men ordninga vil uansett gi store gevinstar for arbeidsgivarar. Vi får òg auka effektivitet, betre oppgåveløysing og betre tenester frå det offentlege.

Regjeringa foreslår at ordninga blir regulert ved ei særskild lov som vil gjere regelverket lett tilgjengeleg for arbeidsgivarar og inntektsmottakarar.

 

__________________

Revidert nasjonalbudsjett 2012

 


Tallene bak figurene i Revidert nasjonalbudsjett 2012

Til toppen