Historisk arkiv

Evalueringa av Kvalitetskommuneprogrammet klar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Kvalitetskommuneprogrammet har vore ein dugnad for kommunal fornying. Eg ønskjer at tankegangen i dette prosjektet blir vidareført, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete

- Kvalitetskommuneprogrammet har vore ein dugnad for kommunal fornying. Eg ønskjer at tankegangen i dette prosjektet blir vidareført, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Det er NIBR som har gjennomført evalueringa av Kvalitetskommuneprogrammet i samarbeid med NOVA og IRIS. Det har vore eit stort mangfald av prosjekt og tiltak retta mot å redusera sjukefråveret og betre kvaliteten i møtet med innbyggaren i dei 138 kommunane som har delteke i programmet. Tiltaka har involvert lokale politikarar, den administrative leiinga og tilsette i kommunane.

- Vi skal ta med oss erfaringane frå Kvalitetsprogrammet vidare. Ei viktig oppgåve for kommunane i tida frametter er å redusere sjukefråveret sitt. Erfaringane frå programmet syner at dette handlar mykje om godt leiarskap og godt samarbeid mellom kommuneleiinga og dei tilsette. Kommunar som lukkast med å redusere fråveret er kjenneteikna av at kommuneleiinga  gjev klare signal om at dette er viktig for kommunen og sjølv er involvert i initieringa av arbeidet, seier statsråden.

Ho er innstilt på å vidareføre tankegangen bak programmet på eit eller anna vis og vil diskutere dette med partane i programmet på eit møte 3. mai.

- Involvering, respekt for kvarandre og tru på at vi finn løysingar om vi sett og ned saman og diskutere utfordringane er gode verdiar og tenking eg ønskjer mange fleire kommunar skal ta med seg vidare, seier Liv Signe Navarsete.

Kvalitetskommuneprogrammet, som er eit samarbeid mellom tre departement, KS og arbeidstakarorganisasjonane LO, YS, Akademikerne og Unio, arbeider no med å systematisere resultata frå  programmet og formidle erfaringar mellom anna gjennom fem regionale sjukefråverskonferansar.

• Evaluering av kvalitetskommuneprogrammet.

• Meir om Kvalitetskommuneprogrammet.