Felles nordisk-baltisk erklæring om digitalt samarbeid

6. september var Noreg vertskap for ministermøte i Oslo for dei nordiske og baltiske ministrane med ansvar for digitalisering. I møtet vedtok landa ei erklæring som understrekar kor viktig det er å styrke samarbeidet om digital tryggleik i regionen. Generalsekretær i Nordisk ministerråd, Paula Lehtomãki, er klar på kor viktig digital tryggleik er for regionen.

Samling av ministre
Foto: Torbjørn Tandberg/KDD

- Denne erklæringa viser at ministrane er villige til å samarbeide om den digitale tryggleiken i Norden og Baltikum. Det er viktig at vi har alle med. Borgarane ser det som sjølvklart at dei har digital tilgang til offentlege tenester, og det er høg grad av tillit til styresmaktene og systema. Det er viktig at vi tek vare på den tilliten, seier Lehtomaki.

Dei nordiske og baltiske landa er i førarsetet for den digitale utviklinga i Europa. Landa samarbeider allereie på ei rekke område, som utrulling av 5G og digitale tenester på tvers av landegrensene.

- Det er ingen sektorar, og få, om nokon land som kan handtere all risiko og sårbarheit aleine. Den høge graden av digitalisering i våre land gjer oss òg sårbare for digitale angrep, noko vi er ekstra merksame på i desse tider. Derfor vil dei nordiske og baltiske statsrådane med ansvar for digitalisering styrke samarbeidet om digital tryggleik, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Erklæringa finn du her(norden.org)