Ferielova skal gjelde på Svalbard

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Frå nyttår skal ferielova gjelde også på Svalbard.

– Rettane til arbeidstakarane blir styrka ved at regjeringa no innfører ferielova på Svalbard. Livet på Svalbard har endra seg, og innføring av ferielova også her vil gi tryggare og meir stabile arbeidsforhold for dei tilsette på øygruppa, seier arbeids og inkluderingsminister Hadia Tajik.

Då ferielova vart innført på slutten av 1980-talet, vurderte departementet at det ikkje var behov for å gjere lova gjeldande på Svalbard. Samfunnet på Svalbard vart skildra som ein einsidig industristad, og næringsstrukturen var dominert av ei einaste stor verksemd.

I dag er Svalbard, og særleg Longyearbyen, eit samfunn med eit differensiert næringsliv med fleire mindre verksemder. Arbeidslivet er prega av mange ad hoc- og sesongbaserte aktørar i tillegg til utanlandske arbeidstakarar.

Forskrift om å gjere ferielova gjeldande på Svalbard vart fastsett av Kongen i statsråd den 26. november 2021.

Saka følgjer opp høyringa om å gjere både ferielova og allmenngjeringslova gjeldande på Svalbard. I dag gjeld arbeidsmiljølova på Svalbard, men ikkje dei to andre.

Ferielova trer i kraft på Svalbard frå 1. januar 2022. Når det gjeld allmenngjeringlova, førebur departementet no ein lovproposisjon med sikte på å fremje denne for Stortinget i 2022.