Historisk arkiv

Foreslår å auke største tillatne lasteromsvolum for fartøy med torsketrål,- seitrål- og reketrålkonsesjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har i dag sendt på høyring eit forslag om å auke største tillatne lasteromsvolum for fartøy med torsketrål,- seitrål- og reketrålkonsesjon.

Fiskeri- og kystdepartementet har i dag sendt på høyring eit forslag om å auke største tillatne lasteromsvolum for fartøy med torsketrål,- seitrål- og reketrålkonsesjon.

Forslaget går ut på at fartøy med torsketrål,- seitrål- og reketrålkonsesjon får auka største tillatne lasteromsvolum frå 1500 m3 til 4000 m3. Eit av formåla med forslaget er at havfiskefartøy med ringnot-, pelagisk trål-, torsketrål-, seitrål- eller reketrålkonsesjon etter dette vil få same grense når det gjeld storleiken på lasterommet. Samstundes inneber forslaget at kva rom som skal reknast med i lasteromsvolumet også blir likt for alle desse fartøya.

Høyringsfrist er satt til 10. august 2011.