Historisk arkiv

Foreslår auka kostnadsramme for ny Ulriken tunnel

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Ny Ulriken tunnel og dobbeltspor på strekninga Fløen-Bergen stasjon er naudsynt for å auke kapasiteten i togtrafikken til og frå Bergen. Ein ny gjennomgang viser at den pågåande bygginga av ny Ulriken tunnel kjem til å koste vesentleg meir enn opphavleg planlagt. Det er difor viktig at vi tar lærdom av erfaringane frå prosjektet. På den måten kan vi redusere risikoen for kostnadsauke i framtidige prosjekt, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Prosjekta Arna – Fløen (Ulriken tunnel) og Bergen – Fløen blei kvalitetssikra i 2016. I samband med kvalitetssikringa blei det gjennomført ein prosjektrevisjon. På bakgrunn av dette foreslår regjeringa ei ny, mellombels kostnadsramme for vidareføring av delprosjektet Arna – Fløen (Ulriken tunnel) på om lag 4,5 milliardar kroner. Dette gir ein auke på om lag 1,1 milliardar kroner, eller vel 33 prosent, samanlikna med den gjeldande kostnadsramma.

Naudsynt med nærmare avklaringar for strekninga Bergen-Fløen
Delprosjektet Bergen – Fløen blei mellombels stansa i 2010 på grunn av liten kapasitet i Jernbaneverket innan signalfaget. Dette delprosjektet er no eit heilt anna og langt meir omfattande prosjekt enn i 2010. Kvalitetssikrar tilrår å slå delprosjektet saman med Arna – Fløen (Ulriken tunnel), og at desse prosjekta blir sett på som eitt prosjekt (Arna-Bergen), med ei samla kostnadsramme på om lag 7,12 milliardar kroner og ei samla styringsramme på om lag 6,25 milliardar kroner.

Kvalitetssikrar har mellom anna tilrådd  forenklingar og redusert kapasitet på Bergen stasjon, mellom anna for ikkje å auke omfanget av prosjektet. Det er samstundes viktig å sjå tilrådingane i samanheng med det framtidige samla behovet for kapasitet for tog både på Bergen stasjon og planlagt modernisering av godsterminalen på Nygårdstangen.

Det er òg naudsynt å sjå moderniseringa av godsterminalen  i samanheng med føreslått bruk av det såkalla Kronstadsporet mellom Fløen og Minde som trasé for Bybanen i Bergen.  Jernbanedirektoratet, Bane NOR SF, Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune er nå i dialog om å samordne desse prosjekta, som kjem til å bli gjennomførte på eit lite geografisk område i same periode.

Som følgje av dette vil Samferdselsdepartementet kome tilbake til Stortinget med vidare opplegg for strekninga  Bergen – Fløen etter at nærmare avklaring føreligg. 


For fleire opplysningar – sjå: