Nyheiter

Fornya samarbeid med Brasil

– Brasil og Noreg er nære partnarar innanfor klima og miljø, det grøne skiftet, handel, energi og multilateralisme. Brasil er den viktigaste marknaden for norske bedrifter etter EU og USA. Eg er veldig glad for at vi begge ønskjer eit langsiktig og breitt samarbeid, seier utanriksminister Anniken Huitfeldt som den siste veka har vore på besøk i Brasil.

Blant samtalepartnarar i Brasil, møtte Huitfeldt visepresident Geraldo Alckmin, president Lulas spesialrådgivar Celso Amorim og fungerande utanriksminister Maria Laura Rocha. Møta munna ut i ei felles erklæring om korleis Noreg og Brasil skal samarbeide på ei rekkje område i åra som kjem.

Bilde av utenriksminister Huitfeldt med Brasils utenriksminister gående ute, med vannspeil og brasiliansk gardist i bakgrunnen
Utanriksminister Huitfeldt saman med sin brasilianske kollega, Maria Laura Rocha. Foto: UD

Samarbeid mellom Noreg og Brasil

Brasil er ein viktig partnar for Noreg innan klima og skog, fred og fredsforhandlingar, energitryggleik, det grøne skiftet og havforvaltning. Landa våre har mykje å tene på å dele erfaringar og ha dialog om felles utfordringar. 

Energisamarbeidet med Brasil er solid og langsiktig. Brasil har, som Noreg, ein rein energimiks og stort potensial for meir fornybar energi. Brasil er dessutan ein viktig investeringsmarknad for norsk næringsliv. Hovudområde er olje, gass og maritim sektor, medan investeringar i fornybar energi og grøne løysingar har auka mykje dei siste åra. Brasil er òg ein viktig eksportmarknad for norsk klippfisk. Noreg har samarbeidd med Brasil om bevaring av regnskog og vern av urfolks rettar i mange år. Noreg er òg største bidragsytar til Amazonas-fondet, som blei opna opp i januar.

Brasil og Noreg er samde om å halde fram det tette og gode samarbeidet om mellom anna klima og miljø, fornybar energi, fiskeri og havspørsmål, global helse, utdanning og forsking, digitale fellesgode og reform av FN tryggingsråd.

– Det gode forholdet mellom Brasil og Noreg starta med handel i tørrfisk og kaffi. I dag er samarbeidet  sterkt på mange område. Det er eit stort potensiale i å forsterke samarbeidet og eg ser fram til å sjå resultata, seier Huitfeldt.