Forslag om finansiering av ny fylkesveg 659 på strekninga Skjeltene – Harøya (Nordøyvegen)

- Eg er glad for at vi no legg fram forslag om finansiering som vil gje fast vegsamband til Nordøyane, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Samferdselsdepartementet har i dag lagt fram forslag om finansiering av ny fylkesveg 659 på strekninga Skjeltene – Harøya i Møre og Romsdal. Prosjektet vil gje fast vegsamband til Nordøyane. Dette betyr eit meir fleksibelt transportsystem og vil bidra til å sikre busetting og næringsliv. Prosjektet omfattar bygging av eitt brusamband og tre undersjøiske tunnelar.

– Nordøyane har hatt ei offensiv næringsutvikling, mellom anna med store bedrifter som leverer utstyr til den maritime industrien. Ein ny fylkesveg vil redusere transportkostnadane for både næringsliv og privatpersonar, seier Solvik-Olsen.

Finansieringa er basert på fylkeskommunale midlar og bompengar. Det kan vere mogleg med anleggsstart i 2017 og opning for trafikk i 2023. Det er lagt opp til at prosjektet skal inngå i eitt av dei nye regionale bompengeselskapa når desse er etablert.

Prop. 140 S (2016–2017) - Finansiering av prosjektet fv 659 Nordøyvegen i Møre og Romsdal