Forsvarsminister Enoksen til USA

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Forsvarsminister Odd Roger Enoksen vil ta opp situasjonen i nordområda når han møter den amerikanske forsvarsministeren Lloyd Austin tirsdag ettermiddag.

- Eit møtet med den amerikanske forsvarsministeren har stått høgt på min prioriteringsliste, og eg er svært nøgd med at vi har fått til eit møte så raskt. Usa er vår viktigaste allierte og regjeringa er opptatt av å oppretthalde og videreutvikle dei sterke sikkerhetspolitiske banda vi har mellom våre to land, seier forsvarsminister Odd Roger Enoksen.


Enoksen vil mellom anna ta opp forholdet til Russland og den auka militære aktiviteten i våre nærområder.

- Eg vil overfor Austin uttrykke vårt syn på utviklinga i nordområda og den øktet russiske militære aktiviteten. Vår kunnskap om Russland og nordområda er høgt verdsatt av våre allierte, og eg vil ta opp korleis Noreg kan bidra til stabilitet i våre nærområder, seier forsvarsminister Odd Roger Enoksen.