Historisk arkiv

Fortsatt nedgang i antibiotikabruken

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Det var ein nedgang i antibiotikabruken til husdyr i Noreg i perioden frå 2013 til 2020 er på 23 prosent. Det går fram av NORM-VET rapporten for 2020, som Veterinærinstituttet har overlevert til Mattilsynet. NORM-VET står for Norsk overvakingsprogram for antibiotikaresistens i mikrobar frå fôr, dyr og næringsmiddel.

Den globale utviklinga med antibiotikaresistens er ein av dei største helseutfordringane vi står overfor i dag. Det er difor viktig at Norm-Vet gjer oss ein god oversikt over forbruk av antibiotika og førekomsten av antibiotikaresistens.

Rapporten for 2020 viser at forbruket av antibiotika og funn av resistens hjå norske husdyr framleis er blant de aller lågaste i verda.

Kylling
I 2020 har ein sett særskilt på kylling- og kalkunproduksjon, og der vart det funne svært lite resistente bakteriar. Foto: Torbjørn Tandberg

Den gunstige situasjonen kjem mellom anna av god helse hjå dyra som i sin tur fører til redusert behov for antibiotika. Det er ein restriktiv praksis hjå veterinærane med omsyn til bruk. I tillegg har vi ein ansvarsfull og kompetent husdyrnæring og eit godt samarbeid mellom dyrehelse- og folkehelsestyresmakter.

I 2020 har ein sett særskilt på kylling- og kalkunproduksjon, og der vart det funne svært lite resistente bakteriar.

Rapporten viser også at det blir brukt mindre antibiotika til kjæledyra våre. Bruken til hund og katt har gått ned med 32 prosent i perioden 2013-2020.