Fylkesnytt frå Møre og Romsdal 1/2022

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal presenterer ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein film om tredrivarsatsinga i fylket. Andre tema er klimaarbeid, utfordringar med veksande hjortebestand og ein rapport som omtalar mogelegheitene for meir økologisk landbruk i fylket.

Film om trebyggeri i Møre og Romsdal

Tredrivaren i Møre og Romsdal har laga film om tredrivarsatsinga i fylket. Målet er å vise fram gode byggeprosjekt der tre spelar hovudrolla.

Romsdalsmuseet
Romsdalsmuseet med meir enn 100 trebygg. Dei eldste er frå 1100-talet, medan det nyaste er massivtrebygget «Krona» frå 2016, teikna av Reiulf Ramstad Arkitekter. Foto: Fuglefjellet AS

Tredrivaren i Møre og Romsdal er samarbeidsprosjekt mellom Innovasjon Norge, Fylkeskommunen i Møre og Romsdal, Arkitektforeininga, Skognæringsforum, Trefokus og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Tredrivaren skal bidra til å auke bruken og kompetansen om tre som bygningsmateriale. Prosjektet skal også bidra til auka verdiskaping hos trebasert treindustri.

Bygg for klimatilpassing og karbonbinding

I filmen kjem fleire av fordelane med å bygge i tre godt fram, formidla frå byggherrar, arkitektar og brukarar sine perspektiv. Ikkje minst kjem klimaperspektivet ved bygging i tre fram. Desse byggeprosjekta står for både klimatilpassing og karbonbinding.

Filmen gir også eit innblikk i Tredrivaren sitt kompetansehevingsprogram, både føremålet og korleis ein har jobba for å få auka bruk av tre i offentlege bygg i fylket.

Målet er at filmen skal få fleire til å sjå fordelane med tre, og å velje tre som byggematerial.

Kontakt:
Christina Qvam Heggertveit, tlf 71 25 85 72, fmmrchhe@statsforvalteren.no

Klimasmarte landbruksbygg

Saman med Statsforvaltaren i Vestland og Trefokus AS har Statsforvaltaren i Møre og Romsdal laga ein rettleiar for klimasmarte landbruksbygg.

Rettleiaren er laga for gardbrukarar som planlegg rehabilitering eller nybygg av driftsbygningar på garden. Rådgjevarar, entreprenørar og leverandørar av trebaserte løysingar kan også ha nytte av han. Fokuset er retta mot val av byggematerial, særleg trevirke. 

Godt kunnskapsgrunnlag

Klimakalkulatoren for landbruket reknar ikkje med investeringar på garden, som ei ny driftsbygning. Bygg stå likevel for ein stor del av klimagassutsleppa og landbruksbygg er ikkje noko unntak. Derfor er det viktig å få ein god rettleiar for klimasmarte bygg i landbruket.

I vårt fylke ser vi at endringar til krav til husdyrhald og generasjonsskifte på gardane vil innebere at mange bønder bygger nye eller rehabiliterer driftsbygg. Med denne rettleiaren vil vi gi bønder eit godt kunnskapsgrunnlag for investeringar og planlegging av landbruksbygg.  

Godt inneklima og god dyrevelferd i nytt fjøs i tre til mjølkeku på Søndre Lundem, Svindal.
Godt inneklima og god dyrevelferd i nytt fjøs i tre til mjølkeku på Søndre Lundem, Svindal. Foto: Trygve Bore, Fjøssystemer.

Mange gode eksempel

Som del av arbeidet med rettleiaren har vi samla eksempel på ferdige byggeprosjekt og intervju med gardbrukarar som gjerne deler si erfaring. Desse eksempla frå ei god samling av landbruksbygg, for ulike føremål, storleikar og byggjeteknikkar, er lagt ut på Trefokus AS sine nettsider http://www.trefokus.no/treveilederen#landbruksbygg. Dei har alle utstrekt bruk av trevirke i konstruksjonen. 

Kontakt:
Christina Qvam Heggertveit, tlf 71 25 85 72, fmmrchhe@statsforvalteren.no

Klimasnu – eit landbruk i omstilling

Vi må snu oss rundt og stoppe klimaendringane. Hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal er arbeidet med klimaomstilling ei hovudsatsing - kalla Klimasnu. Her har landbruket og landbruksavdelinga ei tydeleg rolle.

Målet med Klimasnu-satsinga er å arbeide tverrfagleg og breitt for å redusere klimagassutslepp i fylket. Med eit gjennomgåande klimaperspektiv ynskjer Statsforvaltaren at alle avdelingar skal ha fokus på klimagassutslepp og klimatilpassing. Eit av tiltaka er at alle samlingar som Statsforvaltaren arrangerer skal innehalde eit innlegg om klima. Arbeidsgruppa for Klimasnu deltek som faghjelp og fasilitator for kommunane om klimaspørsmål, samt deltek i klimanettverka i fylket.

Klimaplan for landbruksavdelinga

Alle avdelingane hos Statsfortvaltaren har laga eigne handlingsplanar for korleis vi skal arbeide med klimaomstilling. På landbruksavdelinga har kvar faggruppe prioritert tiltak på sitt fagfelt. Resultatet er ein klimaplan som gjev god oversikt over avdelinga sitt klimaarbeid, med involvering av alle tilsette. Det er utarbeidd ei dynamisk tiltaksliste for 2022. Døme på eit par av tiltaka er:

  • Våren 2022 er det under planlegging kurs for kommunane med tema klimagassar i landbruket, i samarbeid med Senter for etter- og vidareutdanning (SEVU) ved NMBU.
  • Landbruksavdelinga har som eit ledd i klimaarbeidet fått informasjon frå NIBIO om viktigheita av jordsmonnkartlegging. I klimakalkulatoren vert opplysningar frå jordsmonnkartlegging nytta til å dokumentere karbonbalansen i jorda. I Møre og Romsdal er berre to kommunar kartlagt, og eit viktig grunnlag manglar dermed i berekningane til klimakalkulatoren. Det er difor stort behov for at det vert sett av meir ressursar til jordmonnkartlegging. Klimakalkulatoren er ei viktig nasjonal satsing med rådgjeving og støtte til bønder for gjennomføring av klimarådgjeving på den enkelte sitt gardsbruk.
Klimasnu-finalist Finn Roger Trodal viser fram sitt kaldfjøs med solcellepanel på taket til f.v. fylkesskogmeister Åsmund Asper, Statsforvaltar Else May Norderhus og klimakoordinator Anne Melbø.
Klimasnu-finalist Finn Roger Trodal viser fram sitt kaldfjøs med solcellepanel på taket til f.v. fylkesskogmeister Åsmund Asper, Statsforvaltar Else May Norderhus og klimakoordinator Anne Melbø. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Klimasnupris

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal deler kvart år ut ein Klimasnupris til kandidatar som:

  • Har særleg engasjement og resultat i arbeidet med klimavenleg omstilling i fylket
  • Har bidratt aktivt med å finne fram til eller auke bevisstheita om løysingar på klimautfordringane, utan at det har gitt vesentleg negativ effekt på andre berekraftmål

For 2021 var 9 kandidatar nominert til prisen. Alle tre finalistane hadde tilknyting til matproduksjon, jord- og skogbruk:

  • Vinnaren var Urban Gartnaren AS i Molde, med hydroponisk dyrking av salat, utan bruk av sprøytemiddel og minimalt forbruk av vatn.
  • Finalisten Ørsta kommune byggjer Sæbø skule og barnehage i nyskapande heiltrehus. Området er utsett for skredvind, som set krav til utforming og styrke.
  • Siste finalist var bonde Finn Roger Trodal på Averøya med heiltrefjøs og solcelleanlegg på taket med 60 kW nominell effekt. Varmegjenvinning frå mjølketanken vert nytta til oppvarming av tekniske rom.

Kontakt: 
Åsmund Asper, tlf. 71 25 84 07, fmmrasas@statsforvalteren.no
Brit Kari Eidseflot Hauger, tlf. 71 25 84 69, brkha@statsforvalteren.no

For mykje hjort øydelegg for skogbruket

Hjortebestanden er aukande i Møre og Romsdal. Einskilde stader i fylket er hjorten så talrik at det er umogleg å få opp att ny skog.

NIBIO har undersøkt verknadene av hjortebeiting i plantefelt i fylka Vestland, Møre og Romsdal og Trøndelag.

Hjortebestanden har auka jamt og trutt sidan 1980-åra. I 2021 blei det skote 13 551 hjort i Møre og Romsdal, medan i år 2000 var talet 6 296. Det er også ein auke i talet på påkøyrde dyr. Slaktevektene går ned. Det tyder på for høg bestand i høve til beitegrunnlaget.

Høg hjortebestand kan truge det biologiske mangfaldet. Eit eksempel på dette er blåbær, ein nøkkelart i økosystema. Blåbær kan bli heilt beita ned og døy ut i område med mykje hjort. Alm er også sårbar fordi hjorten et barken. 

Nyplanta skog vert ete opp

I fleire dalføre og lisider klarer ikkje skogeigarane å få opp att ny skog. Hjorten et nyplantene. Dette gjeld til dømes i delar av Gjemnes, Sunndal, Molde, Rauma, Stranda og Ørsta. Nokre planter døyr, medan andre får nye skot av dårleg kvalitet.

Når gran er beiteplante for hjorten, tyder det på at meir prefererte artar som rogn, osp og selje allereie er beitt ned. I dei mest utsette områda er det berre or som kjem over knehøgde.

Skogeigar pliktar å få opp att ny skog etter hogst. Det er kostbart, og nesten umogleg i område med for stor hjortetettleik. Hjorten hindrar såleis eit aktivt skogbruk. Hjorten er også ein ressurs, men hjortestamma bør vurderast opp mot andre interesser og ressursar knytt til eigedomen.

Borkgnag på furu.
Borkgnag på furu. Foto: Odd Løset, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Kommunen skal regulere bestanden

Kommunen skal vedta mål for utviklinga av hjortebestanden. Måla skal ta omsyn til opplysningar om beitegrunnlag, bestandsutvikling, skader på naturmangfald, jord- og skogbruk og omfanget av viltulykker. Der beiting av hjortevilt fører til vesentlege skader på skog, skal kommunen vurdere om det er behov for regulering av bestanden.

Samstundes med at bestanden må ned, må hjorten sine trekkvegar og leveområde verte trygga slik at ein sikrar at hjorten får tilgang til dei areala han er tilpassa til å nytte.

Ung skog mest sårbar

I prosjektet «Verknad av hjortebeiting i plantefelt og ung produksjonsskog av gran og furu» har NIBIO sett på skadeomfang i sju kommunar i Møre og Romsdal. Val av kommunar er gjort på bakgrunn av store hjortebestand. Prosjektet skal med grunnlag i registrerte beiteskadar kome med forslag til tiltak som kan betre situasjonen. Det er ikkje levert endeleg rapport, men resultat og førebelse tilrådingar er kommunisert gjennom webinar og forelesingar.

Dei ulike plantefelta, til saman 407 bestand, er oppsøkt i felt og skadeomfanget er undersøkt. Gran- og furubestand i ulik alder blei oppsøkt. For den yngste skogen blei det i gjennomsnitt registrert rundt 30 prosent skadde tre. I eldre skog var det større variasjon, og det var frå 3 til 18 prosent skadde tre. Over 80 prosent av bestanda i den yngste skogen hadde registreringar av beiteskade frå hjort. I den yngste skogen er det registrert meir skotbeiting på gran enn furu, medan borkgnag er meir vanleg på furu. I eldre skog er det meir borkgnag på gran enn furu.

NIBIO såg på ulike faktorar som har innverknad på omfang av beiteskadar av hjort. Skadeomfanget på yngre granskog auka blant anna med: aukande bonitet, storleik på hjortebestand, aukande avstand frå veg og nærleik til dyrka mark. For eldre skog gjeld dei same faktorane, men her vil kvistmengd og avstand mellom kvistkransar vere avgjerande for omfanget av borkgnag.

Gran prega av skotbeiting.
Gran prega av skotbeiting. Foto: Odd Løset, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Oppfordrar til å skyte meir hjort

Følgjande tilrådingar er gitt for område med stor tettleik av hjort og omfattande beiteskader på innmark og skog:

  • Auke samla avskyting sterkt
  • Oppretthalde høg avskyting av kalv
  • Auke avskytinga av kviger og unge hodyr
  • Sum avskyting hodyr (kviger og eldre) bør over 40 prosent
  • Varsam med avskyting av hanndyr, særleg eldre bukk
  • Viktig med årleg evaluering ved pågåande reduksjonsavskyting

Det er vidare viktig med klare mål i bestandsforvaltninga. Måla må vere relatert til bestandsmessige forhold som storleik, demografisk samansetjing, produktivitet og samfunnsmessige forhold. Samfunnsmessige forhold er skade/tap på ulike område som til dømes jord- og skogbruk, naturmangfald og påkøyrslar.

Kontakt:
Odd Løset, tlf 71 25 84 08, fmmrodlo@statsforvalteren.no

Hjorteskader i eng

Møre og Romsdal er eit av dei to mest hjorterike fylka i landet. Hjorten dannar grunnlag for fine jaktopplevingar og mykje godt viltkjøtt. Samstundes gir hjorten stor avlingsreduksjon for bønder.

Hjortebeiting blir trekt fram som ei av dei store utfordringane for jordbruket i fylket. NLR Nordvest har funne at hjortebeiting enkelte stader fører til ein avlingsreduksjon på heile 25 prosent.

Øydelegg kvaliteten på enga

Hjorten beiter på dyrka mark også i dei delane av året der graset slett ikkje bør beitast. Hyppig beiting seint på hausten, om vinteren og tidleg på våren fører til at dei mest verdifulle grasartane rett og slett går ut. Timotei er mykje brukt i engfrøblandingane. Timotei er smakeleg, har bra næringsinnhald og bra avlingspotensiale, men har den ulempa at det ikkje toler beiting i særleg grad. Dermed vil kvaliteten på enga bli sterkt forringa, i tillegg til at avlinga blir redusert. Særleg vil dette gå ut over relativt ny eng. Hjorten vil gjerne trekke dit maten smakar best. Dette kan føre til at mange bønder vel å ikkje fornye enga si, då det vil trekke til seg meir hjort.

Hjort på beite.
Hjort på beite. Foto: Norsk Hjortesenter.

Hjortestamma bør bli mindre

Større flokkar på dyrka mark, fleire skotne dyr og reduserte slaktevekter tyder på at det er blitt mykje hjort. I løpet av dei siste 20 åra har slaktevektene for ungdyr (1 ½ år) av begge kjønn gått ned med nesten 10 prosent. Dette tyder på at kvart dyr klarer å finne mindre mat enn tidlegare. Det er ingenting som tilseier at det er mindre mat tilgjengeleg, totalt sett. Det må bety at det er for mykje hjort i forhold til mattilgangen. Når det også er eit problem for jordbruket at grasavlingane blir betydeleg redusert og forringa, er det godt grunnlag for reduksjon av hjortestamma.

Kontakt:
Per Eldar Nakken, tlf 71 25 85 81, fmmrpena@statsforvalteren.no

Mogelegheiter for meir økologisk landbruk i Møre og Romsdal

Det er potensiale for auka økologisk produksjon av grønsaker, frukt, bær og korn i fylket, viser ein rapport frå Ruralis. Det er også mogelegheiter for auka husdyrproduksjon basert på grovfôr.

Rapporten frå Ruralis er utarbeidd på oppdrag frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. I fylgje Nasjonal strategi for økologisk jordbruk 2018 – 2030 er det eit mål å auke produksjonen i det økologiske jordbruket. Dette er bakgrunnen for at Statsforvaltaren har tatt initiativ til å få kartlagt mogelegheitene for økologisk landbruk i fylket.

Rapporten Mogelegheiter for meir økologisk landbruk i Møre og Romsdal.
Foto: Ruralis

Vidare arbeid

– Rapporten gjev oss god innsikt og eit godt grunnlag for vidare arbeid med å utvikle økologisk produksjon i Møre og Romsdal. Dette vil vi fylgje opp, i tett samarbeid med aktørane i næringa, seier Brit Kari Eidseflot Hauger, assisterande direktør hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

God kunnskap

I rapporten vert status for den økologiske jordbruksproduksjonen presentert i form av statistikk. Vidare er nosituasjonen kartlagt gjennom intervju med bønder som driv økologisk, samt rådgjevarar og aktørar innan omsetning av økologiske produkt.

Tiltak

Rapporten gjev ei god skildring av status for det økologiske jordbruket i fylket, med forslag til tiltak for vegen vidare. Heile 21 tiltak som kan betre vilkåra og utnytte mogelegheitene for ein auka økologisk jordbruksproduksjon er føreslått.

Kontakt:
Brit Kari Eidseflot Hauger, tlf 71 25 84 69, brkha@statsforvalteren.no