Gebyrsatsen for import av fiskefôr er satt ned

Landbruks- og matdepartementet saman med Nærings- og fiskeridepartementet har no fastsett å redusere gebyret for import av fiskefôr i storsekk, og betaling av gebyr for veterinær grensekontroll.

– Mattilsynet gjer ein viktig jobb med den veterinære grensekontrollen. Det er likevel viktig at prisinga av dette ikkje overstig dei faktiske kostnadene. Me har fått klara tilbakemeldingar om dette og sørgjer no for at det er både enklare og billigare å importere fiskefôr frå Skottland til Noreg, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad.

– Regjeringa har som mål å styrke norsk produksjon av fiskefôr. Før det kjem på plass, er det ei god nyheit at det blir enklare å importere fiskefôr, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.

Varer av animalsk opphav som kjem til Noreg frå eit tredjeland, det vil si land utanfor EØS-samarbeidet, skal kontrollerast på ein grensekontrollstasjon, og importøren må betale gebyr for ein slik kontroll. Gebyret skal ikkje vere større enn Mattilsynet sine kostnadar ved kontrollen.

Etter Brexit gjeld dette òg varar av animalsk opphav som importerast frå Storbritannia. Det vert importert store mengder fiskefôr frå Skottland og næringen har ønsket å importere denne varen i såkalla storsekker.

Gebyret etter tidlegare forskrift var høgare enn dei faktiske kostnadene til kontrollen av storsekkar av fiskefôr. Satsen for import av fiskefôr er difor satt ned 12. september 2023. Forskrifta tredde i kraft 21. september 2023.