Godkjenner utbygging av Tommeliten A

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Olje- og energidepartementet godkjente fredag 8. juli utbyggingsplanen for Tommeliten A-funnet.

– Utbygginga av Tommeliten A vil bidra til å oppretthalde gassforsyninga frå Ekofiskområdet frå midten av dette tiåret. Det er ei gledeleg vidareutvikling av petroleumsressursane og infrastrukturen i den mest modne delen av norsk sokkel, seier olje- og energiminister Terje Aasland.

Tommeliten A er eit gass- og kondensatfunn sørvest for Ekofiskfeltet i den sørlege delen av Nordsjøen. Ein marginal del av funnet ligg på britisk sokkel. Fordi Tommeliten A er grenseoverskridande, skal prosjektet også godkjennast av britiske styresmakter. Heile utbygginga og drifta av Tommeliten A er planlagt på norsk sokkel.

Forventa utvinnbare reservar er talfesta til å vere om lag 21 millionar standard kubikkmeter (Sm3) oljeekvivalentar, der noko meir enn tre firedelar er gass. Forventa oppstart av produksjon er 2024. Operatøren oppgir at investeringar for prosjektet er om lag 12,5 milliardar kroner.

– Denne utbygginga er eit eksempel på godt naboskap. Saman med selskapa og venene våre i Storbritannia får me no realisert verdiane i eit av dei eldre funna våre, sier Aasland.

Illustrasjon av Tommeliten.
Tommeliten A er eit gass- og kondensatfunn sørvest for Ekofiskfeltet i den sørlege delen av Nordsjøen. Illustrasjon: ConocoPhillips.

Bakgrunn

Tommeliten A er eit grenseoverskridande funn, som på norsk side er i utvinningsløyve 044. Rettshavarane på norsk og britisk side har difor samordna aktiviteten.

På norsk side av grensa er rettshavarane ConocoPhillips Skandinavia (28,1385 prosent), PGNiG Upstream Norway (42,1978 prosent), Totalenergies (20,1430 prosent) og Vår Energi (9,0907 prosent). På britisk side er rettshavarane ConocoPhillips (U.K.) Holdings Limited (0,2109 prosent), Totalenergies E&P UK Limited (0,1510 prosent) og Eni UK Limited (0,0681 prosent).

Forventa utvinnbare reservar er rekna ut til å vere om lag 21 millioner Sm3 oljeekvivalentar, der noko meir enn tre firedelar er gass. Forventa oppstart av produksjon er første kvartal 2024. Etter oppstart vil prosjektet raskt oppnå det høgaste produksjonsnivået. Operatøren forventar at feltet produserer i 25 år.

Tommeliten A er eit gass- og kondensatfunn som vart påvist av Equinor (Statoil) i 1977. Funnet er lokalisert om lag 25 km sørvest for Ekofiskfeltet. I området er havet om lag 74 meter djupt.

Tommeliten A er planlagt som ei utbygging på havbotnen. Straumen frå brønnen skal førast til Ekofisk, der den vil bli prosessert i ein ny prosesseringsmodul. Etter prosesseringa vil tørrgass bli eksportert til Emden i Tyskland, medan olje og våtgass vil førast i røyr til Teeside i Storbritannia.

Olje- og energidepartements godkjenningsbrev kan du lese her.